Helsesjukepleiar
Helsetjenester, Tokke kommune
Revahaugvegen 4, 3880 Dalen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Helsesjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Tokke kommune søkjer etter helsesjukepleiar i 100% vikariat frå 01.06.2025 tom. 01.05.26. Sjukepleiar kan også søkje.
Arbeidsoppgåver vert innan helsestasjon- og skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom, samt reise- og sesongvaksinering. Arbeidstida er dagtid på kvardagar, men nokon kurs/møter på kveldstid må ein rekne med. Kommunen har fleksitidsordning. Kommunen har fast 2,7 årsverk helsesjukepleiar, 1 årsverk jordmor der 0,6 årsverk er i jordmorvakta i Vest-Telemark og 0,5 årsverk sekretær. I tillegg har kommunen stillingsressurs til flyktninghelsetenesta og prosjekt.
Helsestasjonen har eit godt, fleksibelt og engasjert fag- og arbeidsmiljø, og er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar.
I avdeling helse ligg i tillegg legekontoret, fysioterapi, ergoterapi og psykisk helse og rus. Avdelinga er samlokalisert med institusjon og heimetenesta.
Tokke kommune prioriterer utvikling av fagkompetanse og tenestene i kommunen, så du kan få høve til å delta på kurs og fagdagar. I tillegg har kommunen eigen lokal lønnsstige som ligg over vanleg tariffavtale.
Arbeidsoppgåver
• Sikre gode tenester som varetek barn og unge sine fysiske, psykisk og sosiale behov
• Utføre oppgåver innan dei nasjonalfaglege retningslinene innan helsestasjon- og skulehelsetenesta samt helsestasjon for ungdom
• Bidra til å ha eit godt samarbeid i laget rundt barn/ungdom/familie
• Reise- og sesongvaksinering
Kvalifikasjonar
• Godkjent norsk autorisasjon som helsesjukepleiar eller sjukepleiar, gjerne med anna relevant utdanning
• Erfaring innan førebyggjande og helsefremjande arbeid er ein fordel
• Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha evne til å strukturere og koordinere arbeidet i ein arbeidskvardag
• Kurs i COS-P (foreldrestøtte) er eit ynskje
• Førarkort klasse B
• God norskspråkleg formidlingsevne skriftleg og munnleg er nødvendig
• Personlege eigenskapar, fleksibilitet og samarbeidsevner vil bli vektlagd
Vi tilbyr
Helsestasjonen har eit godt, fleksibelt og engasjert fag- og arbeidsmiljø.
Du kan få høve til å delta på kurs og fagdagar.
I tillegg har kommunen eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariffavtale.
Andre opplysningar:
Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Referansar vil bli kontakta etter avtale.
Politiattest av seinare dato må leverast ved tilsetting.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane gjerast offentleg.
Tiltreding: Ynskjeleg frå 01.06.25, men kommunen er open for søkjarar som kan tiltre etter dette.
Nærare informasjon om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse Evy Katrin Aamlid tlf: 35075530/ 41100975, evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no.
Velkomen som søkjar!
Kontaktinformasjon
Evy Katrin Aamlid, Avdelingsleiar, +47 41100975Arbeidsstad
Revahaugvegen 43880 Dalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tokke kommuneReferansenr.: 4949738341
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 18.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Evy Katrin Aamlid
Avdelingsleiar
+47 41100975
Om bedriften
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2909232
- Hentet fra
talentech
- Referanse
01549ea54c664f6c82e5494f526c0a6e