Økonomimedarbeidar, engasjement 80% stilling
Surnadal kommune Vaksenopplæring og Integrering
Svartvassvegen 2, 6650 Surnadal
Om jobben
Type ansettelse
Engasjement, deltid 80%
Antall stillinger
1
Økonomimedarbeider i 80% engasjement ved Vaksenopplæring og Integrering
Link til søknadsskjema: Søk her
På grunn av auka arbeidsmengde i samband med busetting av flyktningar, og då særskilt flyktningar frå Ukraina, blir det utlyst eit engasjement på 1 år med ønska tiltreding 1. september 2023.
Stillinga er ei midlertidig styrking av økonomifunksjonen ved eininga.
I tett samarbeide med andre innafor eininga vil ein ha oppfølging på ulike område innafor økonomifeltet.
Økonomikonsulenten sine hovudoppgåver ved Vaksenopplæring og integrering:
- berekning av etableringstilskot og ventestønad for nyleg busette
- bistand til flyktningane kring ulike økonomiske forhold
- ulike oppgåver knytt til innkjøp, herunder E-ordre (bestillingar)
- utrekning av introduksjonsstønad og evt. andre ytingar
- økonomisk oppfølging inn imot statlege myndigheiter kring integreringstilskot m.v.
- andre oppgåver kan også bli lagt til stillinga etter nærare tilvising, eksempelvis miljøarbeid av ymse slag
Kvalifikasjonar
- relevant økonomisk utdanning og/eller erfaring, og god IT-kompentanse
- arbeide strukturert og nøyaktig
- evne til å kommunisere godt på norsk, både muntleg og skriftleg
Personlege eigenskaper
Kan arbeide både sjølvstendig og i lag med andre
Er fleksibel og har stor arbeidskapasitet
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Surnadal kommune ligg på Nordmøre ved foten av Trollheimen og har ca 6000 innbyggjarar. Vi har eit variert næringsliv og barnehage- og skuletilbodet er godt utbygd. Kommunen har eit svært allsidig kultur- og organisasjonsliv. Naturen er flott og variert, med lett tilgang til skog og mark, fjell, fjordar og elver.
Surnadal kommune er ein stor arbeidsplass med eit mangfald av oppgåver og tenester som blir utført av dyktige medarbeidarar. Vi tilbyr varierte og spanande arbeidsoppgåver,trivelege kollegaer og gode pensjonsordningar. Vi har omlag 670 medarbeidarar fordelt på omlag 540 årsverk. Desse er fordelt på mange ulike arbeidsstader, og med forskjellige yrke og kompetanse. Saman har vi eit felles ansvar for å arbeide til beste for innbyggarane våre.
Vi ønskjer tilsette som kan vere gode bidragsytarar i utviklinga av dei kommunale tenestene.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2339620
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3169361_189815_nn