Hopp til innhold

Bioingeniør

Arbeidsgiver

Helse Fonna HF

Sted

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Om jobben

Stillingstittel
Bioingeniør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 28. september

Vil du jobbe som bioingeniør -- og ha fjord, fjell og skiopplevingar rett utanfor døra?

Som bioingeniør ved Laboratoriet i Odda er du tett på drift og pasientbehandling -- i eit lite og samansveisa miljø der du faktisk får påverke kvardagen.
Er du 3.-årsstudent? Då kan du få 50 000 kr dersom du bind deg i 2 år: https://shortlink.uk/1rGZ1

Odda byr på trolltunga, brevandring, kajakk, sykling, fruktgardar -- og gode moglegheiter for ski og topptur når sesongen er inne. Perfekt for deg som vil bruke fritida like aktivt som du bruker faget ditt. Les meir om kva Odda har å by på: https://shortlink.uk/1rGZk

Vurderer du å flytte -- men vil vere trygg på at overgangen blir enkel? I Odda hjelper vi deg i gang med flyttepakke (inntil 20 000 kr) og husleige dekka dei første 6 månadene (inntil 60 000 kr). Du kan òg ha rett på sletting av studiegjeld.

👉 Vi gler oss til å høyre frå deg! Har du spørsmål, eller ønskjer du ein uformell prat? Ta kontakt med oss i dag.

Kva går jobben ut på?

  • Analysearbeid innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodtypeserologi
  • Blodprøvetaking
  • Tapping og produksjon av blod
  • Enkle mikrobiologiske analysar
  • Delta i vaktordning

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • Jobbar nøyaktig og har blikk for kvalitet -- også når det er mykje å gjere
  • Tek initiativ og har gjennomføringsevne når noko bør forbetrast
  • Kommuniserer tydeleg og samarbeider godt på tvers av fag og roller
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og liker å spele andre gode

Kvifor skal du velje oss?

  • Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
  • Hjelp til bolig
  • Mulighet for tilrettelagt turnus og friperioder
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d95b56f0-dccb-4df5-852b-98a2875860e8

Sist endret

19. september 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

476114099

Lignende annonser

Laster lignende annonser