100% stilling som VA ingeniør
Ullensvang kommune Teknikk og miljø
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Mulighet for hjemmekontorAI
- Delvis hjemmekontor
Bruk av kunstig intelligens
Søk på jobben
Søk senest onsdag 30. september
Ynskjer du å bli ein del av Ullensvang kommune sin mest spennande og utfordrande arbeidsplass? Avdeling for vann og avløp (VA) har ledig en stilling som ingeniør, der vi har ei mengde varierte og interessanta arbeidsoppgåver til den som blir ansatt. Avdelinga har i dag ca 18 engasjerte og hyggelige kollegaer med høg fagkompetanse, som kvar dag sørger for sikker vassforsyning av god kvalitet til kommunen sine innbyggjarar. Avdelinga ligg under kommunal sektor for Teknikk og miljø, og arbeidsstad vil væra driftsstasjonen på Hjøllo i Odda.
Avdelinga sitt hovudansvarsområde er drift- og vedlikehald av dei rundt 120 VA-anlegga med tilhøyrande leidningsnett, som er spredt rundt i kommunen. Sentralt i dette arbeidet står eit stort antall mindre vass- og avløpsprosjekter som årleg vert gjennomført ved avdelinga. Vi er og involvert i både planprosess og utføringa av større investeringsprosjekter; bygging av vassverk, renseanlegg, pumpestasjoner, høgdebasseng og leidningstraséer. Vi utfører kontinerleg lekkasjesøk. Tilpasningar til nye og strengare krav vil og verta ei viktig oppgåve dei neste åra.
Andre oppgåver som ligger til avdelingen er vedlikehald og administrasjon av dataprogram, som VA-database, driftskontrollsystem, HMS-system, system for drift, vedlikehold og arkivering. Vi har også sakshandsaming for utsleppsløyve, sanitærabonnement, graveløyve, forurensningssaker, fakturering og budsjettarbeid. Vi gir teknisk bistand i utbyggjingsprosjekter, og uttale til tekniske planer, reguleringsplaner og i byggesaker.
Vi er på jakt etter ein initiativrik person som kan arbeide sjølvstendig, med interesse for fagområdet VA, og gjerne med prosjekterfaring. Du må lika å arbeida med dataverktøy, vera systematisk, og sjå nødvendigheita av god planlegging og utvikling av gode rutiner. Du bør vera serviceinnstilt og ein positiv bidragsyter til det gode arbeidsmiljøet vi har ved avdelinga.
Arbeidsoppgåver
Koordinering av ulike VA driftsprosjekter, herunder budsjettering, økonomistyring, prosjektering, innhenting av tilbod, kontrahering, oppfølging av entreprenører, ferdig-dokumentasjon og attestasjon av faktura
Bidra med fagkompetanse i forbindelse med større investeringsprosjekter, hovudansvar for enkelte større prosjekt kan bli aktuelt
Databehandling i VA-databasen Gemini, arkivsystem, samt andre datasystemer
Oppfølging av- og godkjenning av tekniske planar for VA, skriftleg uttalelse til VA-rammeplanar, reguleringsplanar og byggesaker
Utvikling, forbetringsarbeid og effektivisering
Støtte dagleg drift, i tillegg optimalisering av anleggene
Prosjektarbeid
Bidra til å utarbeide og oppdatere prosedyrer, rutiner og rapporter
Sakshandsaming
Rådgivning og faglig støtte
HMS og beredskaps arbeid
Dialog med offentlige myndigheter, kunder og leverandører
Delta i tverrfagleg samarbeid mellom sektorane i kommunen
Andre oppgåver kan tilfalla stillinga
Kvalifikasjonar
Ingeniør/sivilingeniør (bachelor/master fra universitet/ingeniørhøgskole) innan VA / kommunalteknikk / bygg / anlegg / prosess
Ingeniør/sivilingeniør innen andre fagområder, gjerne med relevant prosjekterfaring, kan bli vurdert
Minimum tre års arbeidserfaring fra relevante fagområder, kompetanse innen vann- og avløpsfag vil bli vektlagt
Gode IT-kunnskaper og erfaring med digitale arbeidsverktøy
Interesse for VA-faget
Førerkort klasse B
God skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk. Kommunen nyttar nynorsk som arbeidsspråk.
Personlige egenskaper
Løysingsorientert tilnærming til arbeidsoppgåver med evne til å arbeide sjølvstendig
Fagleg engasjert, initiativrik, systematisk og serviceinnstilt med gode samarbeidseigenskaper
Evne til å inneha en koordineringsrolle i prosjekter, med god dialog med alle involverte
Kunne handtere komplekse saker, og fleire parallelle arbeidsoppgåver i eit høgt tempo
Evne til å identifisera behov og videreutvikling av rutinar
Sjå viktigheita av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Meiningsfylte og interessante arbeidsoppgåver i utøvinga av eit viktig samfunnsoppdrag
Eit godt arbeidsmiljø med gode utviklingsmogelegheitar
Jobb i ein attraktiv kommune med eit variert fritidstilbod
Fleksibel arbeidstid
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Lønn etter avtale
Muligheter for relevant videreutdanning
Muligheter for rekrutteringsleiligheter
Muligheter for heimekontor
Ynskjer ikkje kontakt med telefonselgarar!
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6fc16975-880b-484f-8c50-577dd84edbad
- Sist endret
10. september 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3660659_189349_nn