Klar for nye utfordringar? Vi har fleire faste stillingar som saksbehandlar
Brønnøysundregistrene
Havnegata 48, 8910 Brønnøysund
Om jobben
Stillingstittel
Førstekonsulent – Registerdrift
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Om stillinga
I avdeling registerforvaltning får du moglegheit til å bli kjend med offentleg sektor gjennom saksbehandling og andre arbeidsoppgåver retta mot norsk næringsliv og frivillig sektor.
Vi treng deg som har lyst til å ta del i ein travel arbeidskvardag der omstilling og endring gir oss spennande oppgåver og utfordringar.
Du skal vere ein pådrivar for forenkling for brukarane våre. Du skal jobbe med saksbehandling, rettleiing og vidareutvikling av registera våre.
Arbeidsdagen vil blant anna innehalde oppgåver som
- saksbehandling og oppgåver med betydeleg innslag av skjønnsvurderingar
- rettleiing internt og eksternt i fleire kanalar
- delta i prosjekt eller produktteam og i anna utgreiings- og utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
Du må ha
- utdanning frå høgskole/universitet på bachelornivå eller høgare
- relevant praksis kan kompensere for noko av utdanningskravet
- digital kompetanse
- gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg, både på norsk og engelsk
Det er fint om du også har
- relevant arbeidserfaring gjerne frå offentleg sektor
- erfaring med prosjekt- og utviklingsarbeid
- utdanning innan økonomiske, administrative, samfunnsvitskaplege eller juridiske fagområde
Personlege eigenskapar
- du må samarbeide godt med andre
- du må vere sjølvstendig
- du må ha god arbeidskapasitet og eigarskap til eigne arbeidsoppgåver
- du må vere løysingsorientert og positiv til nye utfordringar
- du må vere kvalitets- og resultatorientert
Vi tilbyr
- interessante og utfordrande oppgåver innan digitalisering og forenkling av Noreg
- eit godt arbeidsmiljø med uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- gode moglegheiter for kompetanseheving og god stipendordning
- fleksibel arbeidstid med god balanse mellom arbeidsliv og privatliv
- moglegheit for trening i arbeidstida, godt utstyrt trimrom, bedriftsidrettslag og ulike velferdsarrangement
- eit nytt flott kontorlokale med utsikt over Helgelandskysten
- medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landet sine beste pensjonsordningar, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
- hjelp til å skaffe bustad
Stillingane er faste og lønna som førstekonsulent med årslønn frå kroner 466 600 – 575 400, avhengig av kvalifikasjonane dine. Prøvetida er seks månader.
Vi har eit rekrutteringssamarbeid med Brønnøy kommune og Digitaliseringsdirektoratet. Har du ein partnar som har behov for arbeid, kan vi formidle kontakt med desse.
Inkludering og mangfald
Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Har du hol i CV-en , nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Bu i Brønnøysund
Brønnøysund er ein triveleg liten kystby sør på Helgeland. Vi har korte avstandar til det meste og masse vêr – uansett årstid! Er du glad i naturopplevingar har vi eit utal moglegheiter. Moglegheitene er mange også for deg som heller føretrekk ein tur på kafe eller restaurant, er opptatt av kultur eller ulike treningsmoglegheiter innandørs.
Verd å merke seg før du søker
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din. For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål frå utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Ta gjerne kontakt
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med Einhild Evensen tlf.nr. 926 21 296 eller Liv-Astrid Bang tlf. nr. 952 52 389.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på tlf.: 75 54 22 20 eller e-post: kundeservice@jobbnorge.no
Om bedriften
Brønnøysundregistera utviklar og driv digitale tenester som gjer kontakten med det offentlege enklare for alle. Vi driv mange av landet sine viktigaste register og har 430 medarbeidarar.
Dei fleste jobbar i Brønnøysund. Vi har også medarbeidarar i Narvik og Oslo.
Sektor
Offentlig
Nettsted