Er du vår nye brannkonstabel?
Bjørnafjorden kommune Brann og redning
Mobergsbakken 111, 5200 Os, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Brannkonstabel 100%
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Bjørnafjorden brann og redning har ledig 103% fast stilling som brannkonstabel ved beredskapsavdelinga på Os. Brannkonstabelen utgjer ein del av dagberedskapen.
Hovudstillinga som brannkonstabel inneber å dekke beredskapen på dagtid frå 08:00-15:30 måndag til fredag. Utover dette går du i ein 4-delt rotasjon med heimevakt kvar 4. veke - måndag til måndag. Det inneber å vere i beredskap heile døgnet den veka du har vakt. I tillegg øver vaktlaga 58,5 timar i året, dette utgjer 3% stilling.
Arbeidsstad Brannstasjonen på MobergArbeidsoppgåver:- brannkonstabel ved brann, ulukke og andre redningsoppdrag
- systematisk øving og trening for å oppretthalde naudsynt kompetanse
- instruktør/ kurshaldar
- informasjon- og motivasjonsarbeid retta mot barn og unge
- drift og vedlikehald av utstyrsparken
- fagansvar for tildelt fagfelt
- halde seg oppdatert på IKT-system og HMS-føringar
- bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø
- bidra til at Bjørnafjorden brann og redning er synleg og tilstades for innbyggjarane på ein god måte
- andre oppgåver kan bli tillagt stillinga
Du må delta i dreiande vaktordning (heimevakt) kvar fjerde veke, samt bære varslingseining(radio) på fritida.
Du må ha bustad i nærleiken av Os brannstasjon på Moberg, avstandskrav til brannstasjonen etter gjeldande brannordning.
Uttømmende politiattest krevst ved tilsetjing i samsvar med Brann- og eksplosjonsvernslova, kap. 2, § 18. – Politiattest
Kvalifikasjonar:- du har fagbrev og/eller relevant arbeidserfaring
- du må ha god fysisk og psykisk helse
- du må kunne tilfredstille krava til å vere røykdykkar
- du må ha førarkort minimum klasse B
- du må pårekne å ta førarkort klasse C for eigen rekning innan 1 år om du ikkje har dette fra før
- du må vere svømmedyktig
- du må ha gode muntlege og skriftlege norskkunnskapar
Det er ønskjeleg at du har:
- gjennomført yrkesutdanning for brannkonstablar i henhold til gjeldande reglar
- erfaring frå beredskapsarbeid
- redningsdykkarkompetanse
- førstehjelpskompetanse
- kode 160
- avtent førstegongsteneste
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Det vert lagt vekt på dine personlege eigenskapar og evne til å arbeide i team.
Alle kandidatar som går vidare i rekrutteringsprosessen må gjennom eit fysisk opptak.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Trening i arbeidstida
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Vi oppmodar kvinner og personar med minoritetsbakgrunn til å søke.
Etter utløpt søknadsfrist vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2774544
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3419229_203825_nn