Avdelingsleiar skule
Klepp kommune, Bore Skule
Verdalsvegen 31, 4351 Kleppe
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar skule
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 3. juni
Bore skule søkjer etter dei beste medarbeidarane til våre elevar; er du ein av dei?
Ønskjer du å gjer ein forskjell? Er du fagleg dyktig, engasjert, raus, omsorgsfull og oppteken av skuleutvikling? Er svaret JA, søk stilling som avdelingsleiar på Bore skule. Som avdelingsleiar vil du ha ei sentral rolle i å drive og vidareutvikle Bore skule i samarbeid med flotte tilsette.
Bore skule ligg i Klepp kommune. Skulen ligg i eit flott område med nærleik til vatn, elv og strand. Skulen har alle fasilitetar på plassen, og deler nokre av desse med ungdomsskulen som ligg like ved. Her har me stor flott skulegard, basseng, idrettshall, aula og kantinelokale for å nemne noko. Både skule og SFO er aktive i å ta i bruk nærmiljøet.
Skulen har kring 380 elevar fordelt på 1.-7. trinn, og ein stor og flott SFO. Tilsette arbeider tett i eit utviklande fagmiljø. Eit godt læringsmiljø og eit godt arbeidsmiljø står i fokus, og blir arbeidd med kontinuerleg.
Utviklingsområda til Bore skule er inneverande skuleår Oracy og PALS.
Administrasjonen består av rektor, to avdelingsleiarar, SFO- leiar og skulekonsulent. Saman har administrasjonen ansvar for å fordele personal og pedagogisk ansvar på dei ulike trinna. Fordelinga av ansvarsområder og oppgåver vil bli tilpassa den kompetansen og erfaringa nytilsett avdelingsleiar bringer inn i teamet. Stillinga som avdelingsleiar er ei delt stilling mellom leiing i 75 % og undervisning eller andre funksjonar i 25%.
Les meir om Bore skule her .
Oppstart 1.8.2026, eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar vil du ha det daglege ansvaret for ulike oppgåver og ansvarsområde
- Dagleg drift av eiga avdeling
- Oppfølging av medarbeidarar på eiga avdeling, og samarbeid med alle medarbeidarar
- Fagleg innhald og retning
- Pedagogisk utviklingsarbeid på trinn, avdeling og for heile personalet
- Oppfølging av personalet
- styring etter budsjett
- Rettleiing og oppfølging av medarbeidarar
- Tett samarbeid med andre instansar
Kvalifikasjonar
Bore skule søkjer ein leiar med solid fagleg og pedagogisk kompetanse, og med evne til å skape utvikling og retning.
- Undervisningserfaring frå grunnskulen
- Godkjent lærarutdanning
- Forventing om å starte opp rektorskulen innan 2 år etter oppstart i jobb, eller at ein har relevant leiarutdanning
- Erfaring frå administrasjon og leiing av profesjonsfellesskap
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målføre
- Digital kompetanse
- God økonomisk forståing
- Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Attestar og vitnemål. Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål i PdF- format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT- godkjendt
- Politiattest av nyare dato må leggast fram før oppstart
Personlege eigenskapar
Me ser etter ein avdelingsleiar som skaper engasjement, tryggleik og utvikling, både for elevar, føresette og medarbeidarar. Me vil ha ein avdelingsleiar som:
- Har smittande humør og evne til å begeistre
- Identifiserer seg med kommunen sine verdiar og visjon
- Er tydeleg, kompetent, påliteleg og oppdatert
- Har evne til å vidareutvikle kultur og læringsmiljø, i tråd med ny forsking og teori
- Arbeider strukturert og systematisk for å skape gode resultat
- Kommuniserer godt, og evner å samarbeide, lytte, rettleie og motivere
- Set tydeleg retning og skapar utvikling i avdelinga
- Er innovativ, fleksibel og løysningsorientert
- Har god forståing for, og prioriterer nærværsleiing- og bidreg til å skape eit arbeidsmiljø prega av tryggleik, tilhøyrsle og høg trivsel.
Kontaktinformasjon
Line Hansen Eide, Assisterende rektor, 91189073Arbeidsstad
Verdalsvegen 314351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5112314256
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Line Hansen Eide
Assisterende rektor
91189073
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d9268fe7-d8c2-4e72-a2fa-658137285ba2
- Sist endret
12. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9971d9954cc34c3593f6426071ab2db5