Hopp til innhold

Spesialsjukepleiar/sjukepleiar med relevant erfaring

Arbeidsgiver

DPS Døgn allmenn, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar med relevant erfaring
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 23. august

DPS Døgn allmenn har ledig 100% fast stilling for spesialsjukepleiar/sjukepleiar med relevant erfaring.

Psykiatrisk klinikk består av to DPS-sengepostar og ein poliklinikk med ambulante tenester som gjev allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Avdelinga har også sentralsjukehusoppgåver med akutt døgn med ØH-plikt, sikkerheitspost og ambulant vaksenhabilitering. Avdelinga Psykiatrisk klinikk har om lag 200 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.

DPS Døgn allmenn har 14 døgnplassar, av desse ein brukarstyrt plass. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. Vi tek imot pasientar til både frivillig og tvunge psykisk helsevern.

Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø.  

Startdato: Etter avtale


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid på sengepost
  • Undervisning/rettleiing
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Fungere som ansvarsvakt og primærkontakt
  • Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen
  • Miljøterapi
  • Pårørandearbeid
  • Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg behandling på sengeposten
  • Ta del i den til ei kvar tid oppgåver som ligg til sengeposten
  • Andre oppgåver etter avtale med leiar
  • Turnusarbeid, langvakter på helg kan vere aktuelt dersom ønskjeleg.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Relevant vidareutdanning (f.eks. psykiatri eller SEPREP) blir vektlagd, men er ikkje eit krav.
  • Relevant erfaring er ønskjeleg
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottar gjerne hjelp
  • Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
  • Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
  • Opplæring
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. 

Kontaktinformasjon

Ingun Indrebø, Seksjonsleiar, +47 47890705

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 5156280386
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Ingun Indrebø

Seksjonsleiar

+47 47890705

Om bedriften

Psykiatrisk klinikk og NAV startar i byrjinga av 2019 eit samarbeidsprosjekt som skal bidra til at menneske med psykiske problem og/eller rusproblem kan komme i ordinært arbeid. Prosjektet arbeider etter metoden IPS (Individual placement and support) som forsking syner har gjeve gode resultat når det gjeld sysselsetting.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d8f39c64-df5c-4130-b183-850fad8bd73f

Sist endret

31. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d6e508c1fd444be3add84e89bab056b8

Lignende annonser

Laster lignende annonser