Vassenden heimeteneste har ledige stillingar
Sunnfjord kommune Vassenden heimeteneste
6847 Vassenden
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 25. august
Er du sjukepleiar og ønskjer ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg!
Vassenden Heimeteneste gir helse- og omsorgstenester til pasientar i alle aldrar, med hovudvekt på eldre. Pasientane bur anten i omsorgsbustad eller i eigen heim rundt om i bygda.
Hos oss blir du ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø der du får høve til å lære av dyktige kollegaer og bidra til vidareutvikling av tenesta. Vi legg vekt på samarbeid, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.
Ingen dagar er heilt like i heimetenesta. Du møter pasientar med ulike behov og vil jamleg stå overfor nye situasjonar og utfordringar som krev faglege vurderingar og løysingar. Dette gir deg ei unik moglegheit til å utvikle breiddekompetanse og bruke både kliniske ferdigheiter, fagkunnskap og sjølvstende i praksis.
Dersom du trivst med ansvar, variasjon og meiningsfulle arbeidsdagar, håpar vi du vil søkje stilling hos oss.
Vi har følgande stillingar ledig:
- 100 % fast stilling som sjukepleiar frå snarast
- 100 % vikaritat som sjukepleiar i perioden 01.10.2026 - 31.08.2027
Stillingane inneheld ein variert arbeidskvardag med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg . Det er mogleg å jobbe langvakter og kvar fjerde helg med samla langfri dersom du ønsker det.
Arbeidsoppgåver:
- sjukepleiefagleg oppfølging og behandling av pasientar
- kartlegging, observasjon og dokumentasjon
- medikamenthandtering
- tverrfagleg samarbeid med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
- bidra til fagutvikling og kvalitet i tenesta
- aktiv bruk av velferdsteknologiske løysingar
Kvalifikasjonar:
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- førarkort klasse B
Vi søkjer etter deg som er:
- er fagleg engasjert og løysingsorientert
- kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- har gode samarbeidsevner
- er fleksibel og trivst i ein variert arbeidskvardag
- har interesse for teknologi og utvikling av framtidas helsetenester
- bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetjing
Kva tilbyr vi?
- eit godt og inkluderande fagmiljø
- fokus på trivsel, samarbeid og godt arbeidsmiljø
- ein variert og spennande arbeidskvardag
- faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter
- arbeidsmetodar med bruk av velferdsteknologi
- fleksible turnusløysingar med moglegheit for langvakter og arbeid kvar fjerde helg med samla langfri
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
Politiattest av nyare dato må leggast fram før start i stilling. Du søker elektronisk
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Einingsleiar Irene Svarstad
Einingsleiar
+47 911 30 455 +47 57 72 64 72
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cec30d27-3cb4-4ab7-b8de-081714767322
- Sist endret
10. august 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3652197_191731_nn