Rektor i Aurland kommune
Aurland kommune
Skulevegen 5, 5745 Aurland
Om jobben
Stillingstittel
Rektor i Aurland kommune
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 23. juni
Om stillinga
Me har ledig 100 % fast rektorstilling frå 01.08.2025.
Som rektor i Aurland kommune får du ein spanande og meiningsfull leiarjobb i ein kommune med høge ambisjonar for barnehage og skule. Stillinga omfattar det overordna ansvaret for Aurland barne- og ungdomsskule og Flåm skule. Du vil også pr i dag vere næraste leiar for kulturskulerektor, som leiar kulturskule, bibliotek og fritidsklubb.
Aurland barne- og ungdomsskule ligg ved Aurlandsvangen og har om lag 150 elevar og 33 tilsette. Skulen har SFO-tilbod for 1.–4. trinn og ligg i nærleik til symjehall, fleirbrukshall, idrettsanlegg, barnehage og Sogn jord- og hagebruksskule. Flåm skule er ein fådelt barneskule i naturskjønne omgjevnader med eigen inspektør, 8 elevar og eiga SFO - ordning. Flåm skule vil bli ein del av eit oppvekstsenter på sikt.
Me har eit mål om felles planverk og fleksibel bruk av ressursar på tvers av einingar i heile kommunalområde oppvekst. Du vil difor inngå i eit tett og utviklingsretta leiarteam der samarbeid og heilskapleg tenking står sentralt.
Grunnskulane i Aurland er med i eit regionalt samarbeid knytt til barnehage- og skuleutvikling - "System for styrka læring".
Aurlandsskulen ynskjer å rekruttere ambisiøse og inkluderande leiarar som står fram som tydelege, viser retning og som samarbeider med personalet mot felles mål. Me ser etter deg som er framtidsretta, oppteken av skuleutvikling og som er god på kommunikasjon og relasjon.
Me søkjer difor deg som er motivert for å leia ein organisasjon i utvikling og som har visjonar om ein god skule. Du er i stand til å inspirera og motivera medarbeidarane dine til å nå felles mål og skape gode tenester.
Arbeids- og ansvarsområde
- Overordna leiing, personal-, fag- og økonomiansvar for Aurland barne- og ungdomsskule
- Overordna leiaransvar for Flåm skule og kulturskulen
- Bidra til utvikling og vekst i eigen organisasjon
- Strategisk leiing og utvikling i tråd med kommunale og nasjonale mål
- Ansvar for eit trygt, inkluderande og utviklande lærings- og oppvekstmiljø
- Sikre god organisering og forvaltning av avdelingane sine ressursar
- Bidra aktivt til god måloppnåing, internt og i høve statlege mål og føringar
- Utvikle ein lærande organisasjon prega av samarbeid og kollektivt ansvar
- Vere ein aktiv bidragsytar inn i det tverrfaglege arbeidet i kommunalområdet
Aurland kommune har vore gjennom ei større omstillingsprosess som nyleg er blitt evaluert. Med bakgrunn i evalueringa kan det vere aktuelt med endringar i organiseringa av kommunalområde oppvekst.
Me tilbyr
- Ein utviklingsretta arbeidsplass der du er med å påverke framtida i Aurlandsskulen og i kommunalområdet
- Eit meiningsfylt og viktig samfunnsoppdrag og samfunnsmandat
- Ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
- Høve til å påverke eigen arbeidskvardag
- Gratis tilgang til symjehall og treningssenter i Aurlandshallen
- Eit godt barnehagetilbod
- Eit spekter av naturopplevingar og fritidstilbod
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar
Me søkjer deg som har- Høgare pedagogisk utdanning med godkjend lærarutdanning
- Det er ynskjeleg at du har leiarerfaring / relevant leiarutdanning
- God digital kompetanse og forståing
- Kjennskap til relevant lov- og planverk
- Personlege eigenskapar er ein viktig del av kvalifikasjonsvurderinga for denne stillinga
Personlege eigenskapar
- Du er ein tydeleg leiar som er i stand til skape motivasjon og vekst hjå den enkelte og i eigen organisasjon
- Du er modig, har god gjennomføringsevne og kan stå fram og vise retning
- Du har interesse for utviklings- og endringsarbeid
- Du kommuniserer godt og er i stand til å etablere gode relasjonar med medarbeidarar, elevar, føresette og kollegaer
- Du trivst med høgt tempo, er fleksibel og har høg arbeidskapasitet
- Du er løysingsorientert og ser moglegheiter
- Du evnar å sjå heilskap og tenkje på tvers av tenester
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
- politiattest etter Opplæringslova må leverast før du byrjar i stillinga
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meir offentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Det er viktig at du skriv heile namnet ditt som du er registrert med i folkeregisteret, når du søker. Hugs å bruke stor forbokstav i namnet.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Kontaktperson for stillingen
Kristin Takvam Rekve
Kommunalleiar kommunalavdeling Oppvekst
+ 47 99 20 7198
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vere Noreg si fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 820 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d8d32ba2-3617-47a1-a8f4-9b83f8e381b2
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10251693