Postdoktor i algoritmer og ekstremal kombinatorikk
Universitetet i Bergen
Thormøhlensgate 55, 5006 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Postdoktor i algoritmer og ekstremal kombinatorikk
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 31. mai
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-wPostdoktorstilling i algoritmer og ekstremal kombinatorikk
Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som postdoktor i algoritmer og ekstremal kombinatorikk.
Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til NFR-prosjektet “From Extremal Combinatorics to Algorithms and Back”.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Dette prosjektet byggjer bru mellom to grunnleggande felt innan informatikk og matematikk: algoritmeteori og ekstremal kombinatorikk. Ved å integrere desse områda søkjer prosjektet å utvikle innovative berekningsteknikkar og teoretiske innsikter som utvidar grensene for båe felt. Det fokuserer på å utnytte nylege gjennombrot som kombinerer algoritmiske tilnærmingar med klassiske resultat innan ekstremal kombinatorikk. Dei forventa resultantane er tosidige: å fremje toppmoderne parameteriserte og tilnærmingsalgoritmar for å løyse utfordrande berekningsproblemar med høg effektivitet, og å formulere nye stabilitetsteoremar innan ekstremal kombinatorikk, drevet av praktiske algoritmiske applikasjonar.
For stillinga ser vi etter en forskar som vil bidra til prosjektets suksess og synlighet. En vellykka kandidat for denne stillinga vil utføre forsking innan algoritmar og ekstremal kombinatorikk, samt samhandle med andre medlemmer av algoritmeforskningsgruppa. Vi ser etter framifrå forskarar med bakgrunn og erfaring innan eitt eller fleire av følgande områder: grafalgoritmar, parameterisert kompleksitet, tilnærmingsalgoritmar, ekstremal kombinatorikk, strukturell grafteori, samt relaterte felt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor informatikk eller matematikk. Ph.d.-studentar kan søkje dersom disputas er gjennomført innan 01.10.2025. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Erfaring frå algoritmisk eller kombinatorisk forsking er eit krav.
- Det er eit krav at kandidaten har vist kvalitet innan forsking med ein solid publikasjonshistorikk på de beste konferansane, som STOC, FOCS, SODA, ICALP, ESA, eller høgt rangerte tidsskrifter, som TALG, JCTB, Combinatorica, eller tilsvarande topparenaer.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om postdoktorstillinga
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. 10 % av arbeidstida skal brukast på aktivitetar knytt til undervisning, formidling og kommunikasjon ved Institutt for informatikk. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 624 500-660 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
- CV
- Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan 01.10.2025.
- Relevante attestar
- Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Research Professor Petr Golovach, Universitetet i Bergen, Petr.Golovach@uib.no
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen, på karoline.christiansen@uib.no eller +47 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig