Hopp til innhold

Kickstart IT-karrieren din – bli lærling hos oss

Arbeidsgiver

IT-seksjonen, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Om jobben

Stillingstittel
Lærling i IT-driftsfag
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
11
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 2. mars

Vi søker etter lærlingar på skolar og avdelingar i fylkeskommunen. Hos oss får du lære masse og ha stor variasjon i arbeidsoppgåvene! Kanskje best av alt, du kan finne ut av kva du likar og få jobbe med det. Vi ser etter deg som er motivert og tar initiativ og som er glad i IT-faget. Send oss ein søknad!

Blir du lærling hos oss, blir du ein del av Team Brukaroppleving, i IT-seksjonen. Her får du masse kollegaer som du kan lære av – og vi kan garantert lære noko av deg. Vi ønsker deg velkommen med på laget.

 


Du får jobbe med:

  • Brukarstøtte 
  • Dokumentering
  • Tilgangsstyring 
  • Systemdrift 
  • Nettverksdrift 
  • Feilsøking 
  • Informasjonssikkerheit 

I tillegg blir du ein del av vaktordninga på IT-support. Dette betyr å hjelpe tilsette og elevar med ulike IT-utfordringar, på telefon, chat, e-post eller fysisk. 

Vi søker deg som har

  • Relevant bakgrunn
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk
  • God kjennskap til IKT verktøy

Vi ser etter deg som:

er positiv og serviceinnstilt, og samtidig motivert, initiativrik og lærevillig. Du er god til å samarbeide, men også jobbe sjølvstendig. Vi syns det er fint om du bidrar til eit godt arbeidsmiljø. 

Hos oss får du

  • Eit arbeidsmiljø  med kollegaer som er dyktige i faget sitt og har høg kompetanse
  • Solid opplæring som følger kompetansemåla i VG3 IT-driftsfaget
  • Stor variasjon i arbeidsoppgåvene
  • God opplæring som passer dine behov 
  • Triveleg miljø med andre IT-lærlingar i fylkeskommunen

Vi inviterer også alle lærlingar til samling, både for fagleg påfyll, men også for å ha det kjekt i lag, med for eksempel bowling, pizza eller go-cart. 

 Kvar kan du jobbe: 

Vi trenger lærling til desse skolane og arbeidsplassane.

Nordmøre og Romsdal 

  • Atlanten vgs.
  • Surnadal vgs.
  • Molde vgs.
  • Romsdal vgs. 
  • Fylkeshuset i Molde 

Sunnmøre 

  • Borgund vgs. 
  • Spjelkavik vgs.
  • Ålesund vgs. avd. Fagerlia 
  • Ålesund vgs. avd. Volstadberga 
  • Ulstein vgs. 
  • Ørsta vgs. 
Eventyrlysten?

Vi søker støtte frå Erasmus+. Det betyr at du kanskje kan ta delar av læretida i utlandet viss du ønsker.

 

Er du interessert i lærlingplass på ein av arbeidsplassane, kontakt Joakim Småge Edvardsen
E-post: joakim.smage.edvardsen@mrfylke.no
Tlf: 98487079


 

Kontaktinformasjon

Joakim Småge Edvardsen, IKT- koordinator, +47 98487079, joakim.smage.edvardsen@mrfylke.no

Arbeidsstad

Julsundvegen 9
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5061877865
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2028
Søknadsfrist: 02.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Joakim Småge Edvardsen

IKT- koordinator

+47 98487079

joakim.smage.edvardsen@mrfylke.no

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Lenke til: Stab for organisasjon og tenesteutvikling - Møre og Romsdal fylkeskommune

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d8b061e1-e957-4c8f-a5b1-b568b8f8886e

Sist endret

16. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

84a58930de584fc4a7964f849db5f4df

Lignende annonser