Sommarvikarar i heimetenesta for funksjonshemma 2025
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Moavegen 30, 2690 Skjåk, Skjåk, Innlandet, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarvikarar i heimetenesta for funksjonshemma 2025
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Vi søkjer etter deg som er vernepleiar, sjukepleiar, pedagog, sosionom, barnevernspedagog, barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar, eller deg som har erfaring frå/interesse for arbeid med funksjonshemma. Har du arbeidserfaring frå eit anna fagfelt, og vil prøve noko heilt nytt, høyrer vi gjerne frå deg. Om du er student eller elev på vidaregåande skule innan helsefag- eller pedagogisk utdanning, er du hjarteleg velkomen til å søkje hjå oss i Skjåk kommune. Vi søkjer etter deg som er ansvarsbevisst, har evne til å arbeide sjølvstendig, blir motivert av å arbeide med folk og å gje andre ein betre kvardag.
Vi oppmodar begge kjønn til å søkje.
Aktuelle tenester:
Bismotunet bufellesskap-
Arbeid med tilrettelagde tenester til barn-, unge- og vaksne med funksjonsnedsettingar.
-
Målretta miljøarbeid med individuelt tilrettelagde tenester med fokus på eigenmeistring og ein aktiv kvardag.
-
Tenestene skal vere fagleg forankra og vernepleiar/ spesialpedagog vil rettleie og følgje deg opp i arbeidet. Tenestene er tilpassa funksjonsnivå, alder og årstid.
-
Arbeidskvardagen i Bismotunet er variert, blant anna bistår du tenestemottakarane i alt frå daglege gjeremål i heimen til aktivt arbeid og friluftsliv, der du får høve til å nytte den fine naturen vi har i Skjåk.
-
Denne tenesta er for personar som har langvarige hjelpebehov for personleg assistanse til daglege gjeremål. Ein personleg assistent legg til rette for at tenestemottakaren får eit best mogleg og sjølvstendig liv på tross av funksjonsnedsettingar. Eksempel på dette kan vere transport til naudsynte gjeremål og avtalar, hjelp til praktiske oppgåver i heimen, personleg stell og tilrettelegging samt mat og måltid.
-
Vi gjev opplæring, og har tett tverrfagleg samarbeid med mellom anna sjukepleiar, fysioterapeut og fastlege.
-
Dette er ein lærerik sommarjobb om du er student/ elev i vidaregåande opplæring, eller berre har lyst til å prøve deg som personleg assistent.
-
Teamet har overvekt av menn, og dette er etter ynskje frå ein av tenestemottakarane, menn/gutar er særskilt oppmoda til å søkje.
-
Det er behov for vikarar også utanom sommarferien, både vår og haust er aktuelt for vikararbeid.
-
Det er krav om godkjent politiattest av nyare dato for alle sommarvikarar
-
Det er eit ynskje at du kommuniserer tydeleg på norsk, både munnleg og skriftleg
Søkjarar over 18 år vil bli prioritert.
Vi tilbyrVed sommarjobb i kommunen vil du få ordna arbeidstid med gode arbeidsvilkår, opplæring og moglegheit for allsidig erfaring på ein arbeidsplass i utvikling. Vi har mange utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Du vil få mange dyktige og engasjerte kollegaer. Kommunen kan hjelpe til med bustad ved behov.
Opplæring vil bli gjeve. Nye vikarar blir kontakta og invitert på besøk før oppstart.
Du kan gjerne skrive i søknaden kva for område du ynskjer å arbeide i. Arbeidstid er etter gjeldande turnus med arbeid i inntil annankvar helg, og primærarbeidsperiode er frå veke 26 til og med veke 33. Det er ynskje at du set opp i søknaden dersom du må ha fri til bestemte dagar gjennom sommaren.
Spørsmål om stillingane kan rettast til Gudrun Teigen mobil 95982598.
Vi har fortløpande opptak når det gjeld søknad på stilling som sommarvikar.- Elektronisk søknadsskjema
-
Søkjarlista vil bli offentleggjort
Kommunedirektøren
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2844813
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
d87f39e7-70f5-40c0-8095-449a498093c2