Konsulent
BERGEN KATEDRALSKOLE, Vestland fylkeskommune
Lars Hilles gate 20B, 5008 Bergen, 5017 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Konsulent
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ynskjer du å jobbe på ein skule med lange tradisjonar, der det er eit godt fagleg miljø og stort samfunnsengasjement hos både hos elevar og tilsette?
Då kan Bergen katedralskole vere staden for deg!
Bergen katedralskole vart grunnlagd i 1153 og er med det ein av dei eldste skulane i landet. Skulen har om lag 1300 elevar fordelt på tre stader i Bergen sentrum og tilbyr følgjande:
- Studiespesialiserande utdanningsprogram med programfag knytt til realfag og språk, samfunnsfag og økonomi
- IBDP - International Baccalaureate Diploma Programmme
- Innføringstilbod for minoritetspråklege elevar og eigen klasse for minoritetspråklege på Vg1
- Kyrre - eit tilbod for elevar med behov for særskild tilrettelegging
- Vaksenopplæring innanfor studiespesialisering
Arbeidsoppgåver
- Handtere skulen/avdelinga sin resepsjon og telefon
- Administrere utlån av bøker på Kyrre
- Bestille varer og tenester i og utanfor Visma e-handel,
- Fakturabehandling i Visma enterprise
- Administrere skuleskyss
- Vere avdelinga sin arkivar og superbrukar i elements sak-/arkivsystem
- Og ellers hjelpe elevar og tilsette med spørsmål og oppgåver der det trengs
Ønska kvalifikasjonar
- Fagbrev i kontorfaget - særskilt lang og relevant erfaring kan i visse høve oppveie krav til fagbrev
- Relevant erfaring
- Gode IT-kunnskapar
- Har du kjennskap til Elements, Visma enterprise eller andre av Vlfk sine it-system så er det ein føremon
- Gode evner til kommunikasjon, både skriftleg og munnleg
Er dette deg?
- Har du stor arbeidskapasitet, er lettlært og sjølvstendig og har ei positiv innstilling?
- Er du god til å samarbeide med andre?
- Er du omgjengeleg, god på relasjonar og til å sjå menneske?
- Og har du vilje til, og ynskje om, å utgjere ein forskjell og bidra til eit godt arbeidsmiljø?
Har du og evna til å sjå udekte behov og oppgåver som skulle vert løyst og til å ta tak i dei, så kan det vere deg vi søkjer etter no.
Vi tilbyr
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø- Ein interessant og variert arbeidsdag
- Gode pensjonsvilkår
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Annike Gullestad, administrasjonsleiar, +47 959 68 501Arbeidsstad
5017 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4948629065
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 22.06.2025
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d84a7592-442e-4576-b228-3ce432c6605d
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e7c9e1957f5e4bb996af4c0a708af8a4