Overingeniør/Teknisk utgreiar
Møre og Romsdal jordskifterett
Ørsta, 6150 Ørsta
Om jobben
Stillingstittel
Overingeniør/Teknisk utgreiar ved Møre og Romsdal jordskifterett
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Om stillinga
Domstolen har frå 01.09.2023 ledig stilling som overingeniør/teknisk utgreiar ved rettsstaden i Ørsta. Arbeidet vil vere knytt til saker for heile domstolen og noko reiseaktivitet må difor påreknast.
Arbeidsoppgåvene omfattar rettsmekling, teknisk saksførebuing, samt teknisk gjennomføring av saker domstolen har heimel til å behandle innanfor sin rettskrets. Landmålingstekniske oppgåver består bl.a. av innmåling, utsetting og merking av grenser, berekningar og skildringar av grenser, utarbeiding av kart samt GIS-arbeid.
Stillinga kan vidare innebere førebuing, planlegging og utredning av sakene i samarbeid med dommar.
Stillinga vil medføre feltarbeid, til dels i ulent og krevjande terreng. Dette føreset at du har normal god fysisk helse. Jordskifteretten er tilslutta ei felles bilordning, og det er krav om at du har førarkort for bil.
Om deg
Vi ønsker primært at du har ingeniør- eller høgskuleutdanning innan landmåling, geomatikk og/eller eigedomsfag. God og relevant erfaring frå tilsvarande fagområder kan i særskilde tilfelle kompensere for kravet til formell utdanning. Det vil bli lagt særleg vekt på kompetanse og erfaring i rettsmekling, men relevant kompetanse og erfaring innan landmåling, GIS, IKT, tingsrett, verdsetting og skogfag vil også bli tillagt vekt. Ein vil også vurdere nyutdanna søkjarar.
Du må ha gode samarbeidsevner, og kunne arbeide sjølvstendig. Du må kunne yte service og opptre på ein objektiv og kontaktskapande måte overfor partane i jordskiftesakene. Vi føreset at du kommuniserer godt muntleg og skriftleg, og kan delta i dialog med partar, private og offentlige instansar på ein god og forståeleg måte.
Vi tilbyr
Vi tilbyr ein spennande jobb i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag. Hos oss får du interessante og utfordrande oppgåver i eit breidt fagleg og godt sosialt miljø.
Stillinga vert lønna etter Hovedtariffavtalane i Staten som overingeniør (kode 1087), avhengig av kvalifikasjonar. Frå lønna blir det trekkt 2% innskot til god pensjonsordning i Statens pensjonskasse. På tenestereiser vert det gitt skyss- og kostgodtgjersle etter Statens regulativ. Arbeidskle m.m. vert kompensert i samsvar med særavtale.
Tidspunkt for tiltreding kan avtalast særskilt.
For stillingane gjeld prøvetid på seks månader og den følgjer normalarbeidstida i staten.
Spørsmål
Spørsmål om stillinga kan rettast til
- Jordskifterettsleiar Asbjørn Rogne, mobil 976 94 840
E-post: asbjorn.rogne@domstol.no - Overingeniør Atle Dahle, mobil 917 38 214,
E-post: atle.dahle@domstol.no
Personopplysningar som vert oppgitt i søknad og CV til stillinga blir behandla i samsvar med lov om behandling av personopplysninger.
Dersom det kjem fram av søknaden din at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på at opplysingar om søkjar likevel kan gjerast offentleg, jf. offentleglova § 25.
Ved å søkje på stillingar i www.jobbnorge.no samtykkjer du til at vi kan handsame personvernopplysingar om deg. Opplysingane vil kun bli brukte i rekrutteringssamanheng. Personopplysingane dine vil ikkje bli lagra lenger enn naudsynt.
Søknad med CV, vitnemål og attestar sender du elektronisk via lenkje på denne sida ”Søk stillinga”. Alle attestar og vitnemål legg du ved samla i eitt vedlegg.
Søknadsfrist: 20.04.2023Om bedriften
Om domstolen
Jordskifteretten er en særdomstol som arbeider med saker heimla i jordskiftelova.
Arbeidsoppgåvene er i hovudsak omforming av eigedomar, klarlegging av rettsforhold til fast eigedom og fastlegging av eigedomsgrenser.
Møre og Romsdal jordskifterett har tre likestilte rettsstadar, i Surnadal, Molde og Ørsta. Rettskretsen omfattar alle 26 kommunane i Møre og Romsdal fylkeskommune pluss Rindal kommune i Trøndelag. Jordskifteretten har i dag totalt 18 tilsette der 8 er ingeniørar.
Jordskifteretten ønskjer å vere utviklingsorientert, blant anna gjennom breidde og mangfald i arbeidsmiljøet slik at medarbeidarane skal kunne utvikle seg både fagleg og personleg. Kvalifiserte kandidatar vert oppfordra til å søkje uavhengig av alder, kjønn og etnisitet.
For meir opplysningar om jordskiftedomstolane, sjå www.jordskifte.no.
Sektor
Offentlig