Arbeidsleiar Elektroinstallasjon
Ulstein Elektro Installasjon AS
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Arbeidsleiar Elektroinstallasjon
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du jobbe med elektroinstallasjon i eit engasjert team?
Skipsbyggingsområdet, som Ulstein Elektro Installasjon er ein del av, er inne i ei spanande fase med fleire signerte kontrakter på både nybygg og ettermarkedsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet, og treng difor fleire tilsette i teamtet vårt.
Vi er på jakt etter deg med interesse for å leie arbeid med elektroinstallasjon i skipsindustrien. Du vert ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt team som er ein viktig del av prosjektgjennomføringa hos oss. Du vil få ein innhaldsrik og variert kvardag i tett samarbeid med dyktige kollegaer frå fleire områder i vår organisasjon.
Arbeidsoppgåver
Som arbeidsleiar vil du leie et team av dyktige medarbeidarar med høgt kompetansenivå. Du vil få spanande og utfordrande oppgåver, og bli utfordra på å skape kreative og gode løysingar. Til stillinga ligg også personalansvar. Oppgåver som arbeidsleiar kan m.a. innebere
- Planlegging og leiing av arbeid
- Time- og bemanningskontroll av eigne og innleigde ressursar
- Delta på inspeksjonar og utføre kvalitetskontroll på utført arbeid
Kvalifikasjonar
Det er nødvendig at du har fagbrev som elektrikar og mange av arbeidsoppgåvene vil kreve at du har praktisk og teknisk forståing. Det vil vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene saman. Har du erfaring frå maritim industri/skipsbygging vil det gjere arbeidsoppgåvene enklare.Lagånd står sterkt i Ulstein, og saman skal vi hjelpe kvarandre og kundane våre og gjere Ulstein til ein trygg og kjekk arbeidsplass. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss.
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass
Ulstein Elektro Installasjon byr på variert jobb, gode kollega og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar samt fleksitidsavtale for våre tilsette.I hjartet av Sunnmøre
Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik og kommunene rundt ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Og berre ein liten times reise til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i SunnmørsalpaneKontaktinformasjon
Atle Moldskred, Department Manager Production, +47 47021540Dagbjørn Myklebust, Head of Administration, +47 90545468
Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Elektro Installasjon ASReferansenr.: 4733712918
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.12.2023
Om bedriften
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft, ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. Selskapa bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi, i tillegg til å utføre ettermarknadstenester.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2497645
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6b8a98cb03c646778ad748500bcb7396