Pedagogisk leiar
Torvmyrane skule - barnehagen
Torvmyra 2, 6908 Florø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leiar, fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du bli Torvmyring? Vi har ledig fast stilling som pedagogisk leiar i barnehagen vår, oppstart august 2025.
Torvmyrane skule er eit oppvekstsenter; ein mangfaldig organisasjon med 5 avdelings barnehage for barn i alderen 1-5 år, 1-7 skule, innføringsklasse for fleirspråklege barn og SFO. Vi strekker oss langt for å oppretthalde ein samla organisasjon, og set trivsel, samspel og meistringsopplevingar i høgsetet. Vi leikar og lærer inne som ute- og på tvers av alder, fag og skostorleikar. Omlag 250 barn og 60 vaksne deler kvardag og fest tett på Brandsøyåsen og 3 km frå sentrum. Skule, barnehage og sfo jobbar saman om fagleg og sosial utvikling, og set pris på vår mangfaldige fagbakgrunn og ser at dette er til beste for både barn og vaksne. Vi satsar på språk,tenking, leik og læringsmiljø. Vår visjon er "Alle barn er alles barn"
Barnehagen er pr i dag organisert med 2 småbarnsavdelingar, 2 mellomavdelingar og 1 friluftsavdeling for 5-åringane. Vi har 2-pedagogordning og eit stort bygg med tilgang til gymsal, skulekjøkken og fellesareal, der vi leikar på tvers og samarbeider. Ikkje minst har vi eit stort uteområde, og heile Brandsøyåsen i umiddelbar nærleik.
Personalet består av varme, dyktige fagfolk som likar å ha det kjekt på jobb, og som står saman om både faget og festen. Vi arbeider for at alle skal finne sin plass hos oss, og set trivsel i fokus så ofte i kan. Vil du bli med på dette laget? DÅ håpar vi at du søker!
Arbeidsoppgåver
- Omsorg for det enkelte barn og barnegruppa
- Planlegge og aktivt delta i leik og aktivitetar saman med barna
- Å halde deg fagleg oppdatert og dele fagleg kunnskap med kollegaer
- Å medverke til eit godt og trygt lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
- Å initiere og oppretthalde eit godt foreldresamarbeid
- Legge til rette for trygghet, trivsel og tillit blant barn, føresette og medarbeidarar
- Følge opp nasjonale og lokale føringar innanfor oppvekstfaget
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærarutdanning
- Anna relevant høgskuleutdanning kan bli vurdert
Personlege eigenskapar
Vi søker etter deg som
- Kan jobbe med ulike aldersgrupper, inne og ute.
- Er samarbeidsvillig, fleksibel og trivast med å jobbe i team
- Er raus, positiv og løysingsorientert
- Er reflektert over di rolle som leiar - og som likar leiaransvaret
- Er engasjert og involvert i barna sin leik og aktiviteter
- Har grunnleggande tru og fokus på relasjonsutvikling
- Er trygg i rolla og bevisst på gode relasjoner og rettleiing
- Gode IKT kunnskaper
- Gode norskferdigheiter, tillsvarande B2
- Det blir lagt stor vekt på at ein er personleg skikka til jobben
Vi tilbyr
- Lønn etter tariff
- Kompetanselønn
- Pensjon og forsikring i KLP
- Godt arbeidsmiljø med høg kompetanse og engasjerte kollegaer
Kontaktinformasjon
Sissel Karin Bergkvam Østrem, Rektor Torvmyrane skule, +47 48037689Arbeidsstad
Torvmyra 26908 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4969320863
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2025
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.419 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d8202f95-3b81-4246-9f5c-92e4e949f494
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a353962b68414ca7ba33f6cadb80623c