2. gongs utlysing - Sjukepleiar / vernepleiar 2 x 100% fast stilling - Rosendalstunet
Kvinnherad kommune Rosendalstunet
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Om jobben
Antall stillinger
2
Vi søkjer sjukepleiar /vernepleiar i 2 x 100 % fast stilling.
Er du ein sjukepleiar med hjarte for eldreomsorg og har lyst til å bli ein del av vår flotte gjeng med kompetente fagfolk? Vi søker deg som brenn for profesjonell og verdig eldreomsorg, og som har ei særskild interesse for geriatrisk sjukepleie. Rosendalstunet er lokalisert i Rosendal i vakre Kvinnherad ved Hardangerfjorden, og er ein institusjon for eldre og menneske som treng pleie, omsorg og rehabilitering. Institusjonen har 6 avdelingar - 60 plasser fordelt på langtid, demens og korttid/rehabilitering. Vi kan tilby eit godt fagmiljø innan demensomsorg, i somatisk avdeling og rehabilitering/palliasjon. Vi har godt tverrfagleg samarbeid med stort fokus på rehabilitering og trening i våre flotte treningslokale.
Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg, eller anna turnus med langvakter. Det vert arbeid med moglegheiter for langvakter i vekedagane.
Er du søkjar som ikkje arbeider i kommunen i frå før? Då kan vi tilby eit rekrutteringstillegg på kr. 50.000,- ved oppstart med bindingstid på 1 år.
Velferdsteknologi er ein del av vår kvardag, og vi held på med prosjekt "kamerabasert tilsyn".
Arbeidsoppgåver:- Utøva sjukepleiefaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav
- Heilheitleg omsorg og pleie
- Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling
- Dokumentasjon av tenestane vi yt
- Legemiddelhandtering
- Rettleie kollegaer, studentar og skuleelevar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Norskkunnskap, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskaper
- Du må vera fleksibel og løysingsorientert.
- Ha gode evner til kommunikasjon
- Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekking av flytteutgifter etter nærare reglar
- Gratis SFO og reduserte barnehageprisar
- Inga eigedomsskatt
Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet (buisunnhordland.no)
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2684659
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3368787_225983_nn