Rådgiver i offentlige anskaffelser
Telemark Innkjøpssamarbeid KO - TIS
Bøgata 67, 3800 Bø i Telemark
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgiver offentlige anskaffelser - fast -
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 3. juni
Telemark innkjøpssamarbeid KO (TIS) er eit innkjøpssamarbeid for sju kommunar i Midt- og Vest-Telemark med høge ambisjonar innan berekraft og strategisk bruk av anskaffingar for å oppfylle kommunane sine økonomiske mål. TIS gjennomfører eit breitt spekter av anskaffingar i samarbeid med kommunane og arbeider i tråd med lov og forskrift om offentlege anskaffingar. Vi består av fire dyktige medarbeidarar, og har no behov for å styrkje eininga med ein rådgjevar som kan vere med på laget og utvikle tenesta vidare. Vi legg vekt på godt samarbeid, kompetansebygging og fagleg utvikling for dei tilsette. Vi har trivelege og lyse kontor i kommunehuset i Midt-Telemark kommune.
Innkjøpsrådgjevar – offentlege anskaffingar
Blir du fort engasjert i faglege utfordringar og har ein ide til korleis dei kan løysast?
Vi søkjer ein ny innkjøpsrådgjevar til TIS. Våre viktigaste hovudoppgåver er å gjennomføre dei gode anskaffingane og følgje opp avtalar. Vi ønskjer ein person som har pågangsmot, er positiv, kan sjå gode løysingar, er innovativ, avdekkjer unødige kostnadsdrivarar og framfor alt ser moglegheiter.
Som innkjøpsrådgjevar treng du gode evner til å planleggje, og du må meistre å handtere mange oppgåver samtidig. Du må like å arbeide grundig med dokument og tekst, samstundes som du har oversikt og evna til å sikre framdrift i prosessar.
Vi har eit godt arbeidsmiljø der vi jobbar tverrfagleg, med stor takhøgd, rom for idear og innovasjon – og mykje latter. Det vil i periodar vere hektisk. Vi tilbyr ein variert arbeidsdag i eit godt fagleg miljø. I denne stillinga får du høve til å bli kjend med mange av kommunane sine ulike fagområde, noko som krev at du er open, sosial, engasjert og nysgjerrig.
Arbeidsoppgåver
- Leie og gjennomføre anskaffingprosessen frå A til Å, heriblant samarbeid med faggrupper, dialog med leverandørar, analyse, planlegging, utarbeiding av konkurransedokument og avtalar, utlysing, forhandling, evaluere tilbod og tildele avtaler
- Følgje opp avtalar for å sikre gode leveransar til kommunane
- Gi bistand og rådgiving til medlemskommunane i TIS
- Bidra med opplæring og kompetanseutveksling for tilsette i medlemskommunane
- Gjennomføre analysar, evalueringar og rapportering av rammeavtalar
- Andre arbeidsoppgåver innan eininga sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar- Utdanning frå universitets- eller høgskulenivå, fortrinnsvis innan jus og/eller økonomi. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning
- Strukturert, engasjert og løysingsorientert med høg gjennomføringsevne
- God til å samarbeide og bygge relasjonar
- Svært god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk
- Gode digitale ferdigheiter
Ønska kompetanse
- Ønskjeleg med erfaring frå offentlege anskaffingar
- Ønskjeleg med erfaring frå prosjektgjennomføring
- Ønskeleg med erfaring frå forhandlingar og kommersielle vurderingar
- Ønskjeleg med kjennskap til digitale konkurranseverktøy (KGV og KAV)
Personlege eigenskapar
- Du er analytisk og har god evne til å strukturere arbeidsoppgåver
- Du er god til å kommunisere med interne og eksterne, og evnar å formidle bodskap og forstå dei ulike fagområda i kommunen
- Du har stor arbeidskapasitet og er ein pådrivar, samstundes som du er nøyaktig
- Du er positiv og open i møte med andre, nysgjerrig, engasjert og bidreg i fellesskapet både fagleg og sosialt
- Du er raus, jobbar godt i team med rom for idear og innovasjon, samstundes jobbar du også godt sjølvstendig
- Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagde ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Eit spennande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå
- 100 % fast stilling
Ein spennande og utfordrande jobb i ei avdeling i utvikling - Gode høve for fagleg og personleg utvikling innan eit svært interessant fagområde
- Fridom til å forme din eigen arbeidskvardag
- Fleksitidsordning
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter avtale
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Silje Larsen Ulverød, Einingsleiar, +47 47906070Arbeidsstad
Bøgata 673800 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5118781305
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Silje Larsen Ulverød
Einingsleiar
+47 47906070
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d7eced79-fb67-4236-8ff1-bca2d033f21d
- Sist endret
14. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
938e9c858389425b8128cf7c29cd3dab