ID 2231 Helgestillingar - Stord sjukeheim
Stord kommune
5417 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, assistent, helsefagarbeidar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 11-20%
Arbeidstid
Turnus, kveld og dagtid, lørdag og søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar. Som sjukepleiarstudent i rekrutteringsstilling vil du vere ein del av ei større faggruppe som jobbar tett opp mot andre faginstansar.
Me er og no i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområder og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane.
Stord kommune er ein TØRN kommune der me saman med Knutsaåsen omsorgsenter skal aktivt jobbe med å finne gode løysingar for framtidas helsetenester.
Stord sjukeheim har ledige fleire faste helgestillingar.Stillingane er i turnus 3 kvar helg med dag/kveld eller langvaktsturnus med 13,5 timars vakter og kvar 3 eller 4. helg
Arbeids- og ansvarsområde:-
samhandling og tverrfagleg samarbeid
-
målretta miljøarbeid
-
tilrettelegging for kvardagsmeistring
-
tiltak, evaluering og dokumentering
-
å styrka fokus på autonomi og ivaretaking av grunnleggande rettighetar for pasientane
-
å hjelpe menneske i ulike livssituasjonar til å meistra eige liv på best mogleg måte.
-
palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.
-
legemiddelhandtering etter bestått eksamen medikamentrekning og farmakologi.
-
fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar.
-
å vera med i ei aktiv faggruppe som driv avdelinga framover saman med andre faginstansar.
-
personlege eigenskapar i samhandling og kommunikasjon.
-
brukarorientert tilnærming
-
evne til å vera nyskapande i arbeidet
-
det er ynskjeleg med erfaring og interesse for arbeid med eldre
-
personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
-
Over 18 år
-
Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
-
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål: Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane 53454510 / 92486358
Om bedriften
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2696589
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
d7d3e423-1662-4d8f-b068-68c84fef2770