Tilkallingsvikar reinhald
Eigedomsavdelinga, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Om jobben
- Stillingstittel
- Tilkallingsvikar reinhald
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 0%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. februar
Vil du jobbe med reinhald i eigedomsavdelinga?
Vi treng fleire tilkallingsvikarar. Det er behov i heile kommunen, frå Byrkjelo til Hyen.
Søkjarar vert vurdert fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Eigedomsavdelinga har reinhaldsoppgåver på kommunale bygg i heile kommunen.
Arbeidstida må tilpassast drifta på arbeidsstaden, men vil i all hovudsak føregå på ordinær arbeidstid (dagtid)
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter ein medarbeidar med kjennskap til moderne reinhald.
- Det er ønskjeleg med praksis frå arbeid som reinhaldar, men du kan også søkje om du ikkje har erfaring.
- Det er ein fordel om du har førarkort for personbil.
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter deg som er ansvarsbevisst, har evne til samarbeid og kan jobbe både sjølvstendig og i team.
- I tillegg vil vi legge vekt på at du er positiv og servicevennleg.
- Vi ønskjer at du kommuniserer godt både skriftleg og muntleg på norsk.
Vi tilbyr
- Lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
- Det må leggast fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Hans Petter Almenning Eldevik, Tenesteleiar eigedomsavdelinga, +47 90791986Randi Liaset, Driftsleiar reinhald, 406 99 374
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5063787680
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 01.02.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Randi Liaset
Driftsleiar reinhald
406 99 374
Hans Petter Almenning Eldevik
Tenesteleiar eigedomsavdelinga
+47 90791986
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d7bad5d3-9952-46e8-9e1d-301b24556e76
- Sist endret
13. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2e4e31ce44d64306b9c5bcf419f57828
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Helse- og velferd, Gloppen kommune
Sted
Sandane
Renholdsarbeider i bedrift
Arbeidsgiver
Leirdalen Barnehage Sa
Sted
Rossland, Alver, Vestland
Barnehageassistent
Arbeidsgiver
Rygg Barnehage Sa
Sted
Sandane