UX-designer med ansvar for universell utforming
Systemutvikling og UX, Helse Vest IKT
Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
UX-designer med ansvar for universell utforming
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 6. mai
Vi i Helse vest IKT har glødande interesse for å forenkla kvardagen til pasientar og helsepersonell. Å drive sjukehus og pasientbehandling er komplekst. Det å skape betre brukaropplevingar for tilsette og pasientar gir oss meiningsfulle og spennande arbeidsdagar, kvar einaste dag.
Fagområdet UX er ein del av Seksjon utvikling. Seksjonen består av over 50 høgt kvalifiserte medarbeidarar fordelt på ni team. Vi utgjer eit sterkt fagmiljø som er opptekne av å laga gode, framtidsretta løysingar for helsetenestene. UX-designarar jobbar tett med alle roller, som helsepersonell, brukarrepresentantar, utviklarar, arkitektar og prosjektleiarar. Vi jobbar både med løysingar som blir utvikla internt hos oss og i samarbeid med leverandørane våre. Saman leverer vi mange spennande løysingar for helsepersonell og pasientar ved alle sjukehusa på Vestlandet.
Du blir ein del av team Brukeropplevelse. Vi ser etter ein sterk lagspelar og fagleg pådrivar som kan vera med oss for å byggja UX vidare. Helse Vest IKT er ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag, og vi ser derfor spesielt etter deg som har erfaring med og interesse for å arbeide med brukarvenlegheit innafor ein større kontekst. Du vil (med støtte frå resten av teamet) få eit særskilt ansvar for å følgje opp arbeidet med tilgjengelegheitserklæringar, både internt og utad i organisasjonen. Vi er derfor på utkikk etter en kandidat med god kompetanse på WCAG og universell utforming, samt ein god formidlingsevne.
5052 Bergen
Referansenr.: 4951057263
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.05.2025

Arbeidsoppgåver
Du vil arbeida med mange spennande oppgåver:
- Forme nye, og forbetra eksisterande løysingar, som skaper heilskaplege brukaropplevingar.
- Sørge for at løysingane blir universelt utforma.
- Fasilietere og følge opp arbeid med tilgjengelegheitserklæringar i organisasjonen.
- Aktivt bruke designmetodikk for å sikre at behova til brukaren blir ivareteke.
- Gjennomføre intervju, workshops, observasjon og brukartestar.
- Utarbeide konsept, designforslag og prototypar.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning.
- Erfaring med metodar, teknikkar og verktøy innan brukaroppleving.
- Har eit auge for inkluderande design.
- God kompetanse på WCAG, universell utforming og tilgjengelegheitserklæringar.
- Erfaring med prototypeverktøy (vi bruker Figma).
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Personlege eigenskapar
- Entusiasme for fagfeltet og empati for brukarane.
- Sjølvgåande, men trivst best med å jobba i team.
- Trivast med variasjon og byta mellom oppgåver.
- Kreativ og glad i å finne gode løysingar saman med andre.
- Audmjuk for ekspertisen til andre innan deira fagfelt.
- Nøye på kvalitet i leveransane.
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:
- Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Merethe Heggset, Gruppeleiar, 93007187Arbeidsstad
Bjørnsons gate 295052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 4951057263
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Merethe Heggset
Gruppeleiar
93007187
Om bedriften
Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2913262
- Hentet fra
talentech
- Referanse
aa6b6698aa6a4d8da6e36b677aced44d