Helsefagarbeidar – to faste stillingar ved Stord sjukehus
Kirurgisk og medisinsk avdeling Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeider
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 3. november
To sengepostar – mange moglegheiter for deg som er helsefagarbeidar!
Vi har to ledige faste stillingar for helsefagarbeidarar ved Stord sjukehus – éi ved Medisin 4 og éi ved kirurgisk sengepost.
Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der helsefagarbeidarar og sjukepleiarar samarbeider tett om å gi pasientane god pleie og behandling. Du får ein variert arbeidskvardag med ulike pasientgrupper, faglege utfordringar og kollegaer som støttar kvarandre.
Dette er dei ledige stillingane:
- Kirurgisk sengepost: 100 % fast stilling, ledig frå 1. november 2026
- Medisin 4: 100 % fast stilling, ledig frå 1. januar 2027, med moglegheit for tidlegare oppstart.
Stillingsprosenten kan bli redusert som følgje av fortrinnsrett til utvida stilling.
Begge stillingane har todelt turnus med 16 arbeidshelger i året og moglegheit for langvakter i årsturnus.
Vi legg vekt på god opplæring og ønskjer at du skal kjenne deg trygg og godt teken imot som ny medarbeidar.
👉Høyrest dette interessant ut? Vi håpar du vil søke! Skriv gjerne i søknaden om du ønskjer å arbeide ved Medisin 4, kirurgisk sengepost eller begge.
Kva går jobben ut på?
- Dagleg pleie og oppfølging av pasientar
- Bidra i tverrfagleg samarbeid og dokumentasjon i samarbeid med ansvarleg sjukepleiar
- Hjelpe til med generelle postoppgåver og praktiske gjeremål
- Vere ein god rollemodell i oppfølginga av lærlingar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Det er ein fordel om du har erfaring med bruk av digitale arbeidsverktøy.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- møter pasientar og pårørande med omsorg og respekt
- samarbeider godt med kollegaer og andre faggrupper
- tek ansvar og arbeider sjølvstendig innanfor eige kompetanseområde
- held oversikt og prioriterer oppgåver i ein variert arbeidskvardag
- ønskjer å utvikle deg fagleg og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og erfarne kollegaer
- Opplæring og støtte frå erfarne medarbeidarar
- Regelmessige fagdagar og moglegheit for fagleg utvikling
- Ein variert arbeidskvardag med spennande faglege utfordringar
- Moglegheit for langvakter i årsturnus
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Gloria Hauan, Funksjonsleiar medisinsk sengepost, 91300840, glohan@ihelse.netHalvor Jordåen, Funksjonsleiar - kirurgisk sengepost, 97636378, halj@ihelse.net
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5197155477
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d79f76a6-fb71-4d48-a2d0-60a977160b43
- Sist endret
26. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3502813c1cc34b37b44a5f0850c4e098