Hopp til innhold

Vil du gjere en forskjell? Bli helsefagarbeidar hos oss!

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester

Sted

Leitet 28, 5640 Eikelandsosen

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar - 100 % fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest mandag 22. juni

Er du klar for ein jobb der du betyr noko – kvar dag? Hos Fusa bu- og behandlingssenter får du faglege utfordringar, eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø og moglegheita til å gi omsorg med hjartet. Vi søkjer to engasjerte helsefagarbeidarar f.t ved Buavdelinga, og håper du vil søkje! 

Om arbeidsplassen
Fusa bu- og behandlingssenter er ein heildøgns institusjon med eige produksjonskjøkken og vaskeri. Vi ligg sentralt i Eikelandsosen med flott utsikt over fjorden – ein arbeidsplass der trivsel og fag går hand i hand.

Arbeidsoppgåver
  • Pleie og omsorg til pasientar i tråd med gjeldande lovverk og kvalitetskrav
  • Dokumentasjon i fagsystem og oppfølging av tiltak
  • Kartlegging, igangsetting og gjennomføring av faglege tiltak
  • Legemiddelhandsaming, ernæring og miljøarbeid
  • Bidra til fagleg utvikling og godt samarbeid i tråd med kommunen sine verdiar
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som helsefagarbeidar eller anna relevant utdanning/erfaring
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. 

Personlege eigenskapar
  • Interesse for eldreomsorg
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til observasjon, dokumentasjon og fagleg refleksjon
  • Ansvarsbevisst, løysingsorientert og stolt av ditt fag

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. 

Vi tilbyr
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Turnus med dag- og aftenvakter, samt arbeid kvar 3. helg, eller med langvakt kvar 4. helg
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Eirin Bergheim

Avd.leiar

+47 404 94 459

enb@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8ea908e3-79bf-4732-b440-cf45bf6a9641

Sist endret

28. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3632165_196061_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser