100% stilling som helsesjukepleiar ved Ullensvang helsestasjon
Ullensvang kommune Helsestasjon
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 29. juni
Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert helsesjukepleiar for helsestasjonen vår og har behov for helsesjukepleiar i 100 % fast stilling. Stillinga er ledig omgående.
Ullensvang helsestasjon består av svangerskapsomsorg, helsestasjonsteneste, skulehelseteneste for grunnskule og videregående skule og helsestasjon for ungdom - HFU i alder 0-23 år og deira familie. Det er omlag 100 fødslar årleg i kommunen, der me dekker eit stort område med 5 helsestasjonar, 13 barnehagar, 10 grunnskular og ein vidaregåande skule.
Dei tilsette har høg kompetanse og eit stort engasjement. I Ullensvang har me mykje fokus på tverrfaglege og heilheitlege tenester, som kan tilby rask og god hjelp. Dette inneber tett samarbeid med både 1. og 2. linjetenesta.
Me ynskjer oss helsesjukepleiar som saman med dei tilsette på helsestasjonen kan bidra til å gje eit godt fagleg tilbod til barn og familier i Ullensvang. Me er ein helsestasjon som består av dyktige og engasjerte fagpersoner som helsesjukepleiar, psykolog, jordmor, helsestasjonslege, fysioterapeut, ergoterapeut, barnekoordinator og helsesekretær, med tilsaman 25 tilsette.
Stillinga inngår i helsestasjons- skulehelseteneste for born og unge i alderen 0-23 år og deira foreldre. Flyktningarbeid vil også være ein del av arbeidet og det vil være eit tett samarbeid på tvers av tenester, som til dømes med verksemd for inkludering, legetenesta, psykisk helse for born/vaksne med fleire.
Ullensvang helsestasjon er med på å medverka at gravide, barn, unge og deira familiar mestrer eigen kvardag. Helsestasjonen er under arbeid med å verta godkjend ammekyndig helsestasjon gjennom Nasjonalt kompetansesenter for amming. Helsesjukepleiarane er vertifisert og nyttar ulike verkty som EPDS, ASQ, ASQ SE, ADBB, EPDS, COS P og NBO for støtte og rettleie nybakte foreldre. I skulehelsetenesta er dei tilsette vertifisert i kognitiv adfersterapi for angstlidingar/symptomer kalla “Cool kids”. Ullensvang kommune nyttar BTI - Betre Tverrfagleg Innsats som modell. Modellen skal sikra at barn og unge får den oppfølginga og hjelpa dei treng.
Me samarbeider på tvers av tenester for å fremja kompetanseheving gjennom fag og rettleiing. Me arbeider kontinuerlig med fagutvikling og kvalitetssikring av tenestene me tilbyr.
Hjå oss ynskjer me å utvikle og forbetre oss. Søkjer nettopp deg som helsesjukepleiar i vårt fantastiske team.
Oppgåver og innhald for stillingen vert utarbeida i samarbeid med verksemdsleiar, men aktuelle oppgåver vil vera:
Helsestasjonsteneste / Skulehelseteneneste med nært samarbeid med fagleiar og kommunen sitt støttesystem i helsestasjon / skulehelsetenesta / oppvekst
Krav til kompetanse:
Godkj. helsesjukepleierutdanning / sjukepleier ved tiltredelse
Ynskja utdanning og erfaring med barn og unge
Ynskja kunnskap og erfaring frå helsestasjons- og skulehelsetenesta
Arbeid retta mot barn og unge
Gode kunnskapar om relevant lovverk og nasjonale føringar
Norsk kunnskapar B2
Personlege eigenskapar:
Har evna til å arbeida sjølvstendig, i team og tverrfagleg
Har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
Er positiv, fleksibel og engasjert
Bidreg med eit godt tilbod til barn og unge med deira familie
Likar utfordringar og har evne til å arbeide framtidsretta
Bidreg aktivt til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø
Har gode datakunnskaper med evne til å arbeide systematisk og ryddig
Er organisert, strukturert og har gode kommunikasjonsevner
Me ynskjer primært helsesjukepleiar, men oppmodar også sjukepleiarar å søkje på stillinga. Personleg eigeskapar vert vektlagd.
Andre krav:Ved tilsetting må det leggjast fram gyldig politiattest
Førarkort klasse B
Gode IKT kunnskaper
Godkjent Tuberkulinstatus
Me tilbyr:
Løn etter lov- og avtaleverk
Varierte arbeidsoppgåver
Medlemskap i pensjonsordning - KLP
Dyktige og omsorgsfulle kollega og eit godt arbeidsmiljø
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Å ha eit arbeidsmiljø som er prega av mangfald er ynskja og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden ellers. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i fylgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d791b3d1-bc02-410e-bc3f-8bc1db14e9e8
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3513937_194005_nn