På jakt etter ein spennande og meiningsfull sommarjobb?
Suldal kommune Suldal bu og aktivitet
Nedre Dalane 41, 4230 Sand, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarjobb ved Suldal bu- og aktivitet
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
12
Ved å jobba som sommarvikar i Suldal kommune kan du få spennande erfaring som kan koma godt med seinare i livet.
Me lover å ta godt vare på deg, og vil gjera vårt beste for at sommaren 2025 skal bli fin og lærerik på jobb. Me har gode bonusordningar for sommarjobbar i pleie og omsorg. Du blir invitert til sommarfesten 2025, som er for alle sommarvikarane i Suldal kommune.
Suldal bu- og aktivitet søkjer sommarvikararSuldal bu- og aktivitetstiltak gir tilbod til menneske med ulik grad av psykisk og fysisk utviklingshemming. Hos oss kan du jobba frå veke 25-33 (16.06.25 - 17.08.25)
Me søkjer etter deg som er over 18 år.
ArbeidstidArbeidet er i turnus med arbeid i kvardag og helg. Dag, kveld og natt. Hugs å skrive i søknaden kva veker og kor mykje du ønskjer å arbeida.
Kva kan me tilby deg som sommarvikar?- Me vil gi deg god opplæring og støtta deg undervegs
- Du vil arbeida sjølvstendig og i team
- Om du arbeidar 4 veker eller meir i turnus vil du får eit tillegg på løna. Tillegget er på 1500 kroner for fjerde veka, og 3500 kroner kvar veke etter det. Dette gjeld berre når ein arbeidar heile veker.
- Du får bidra til kjekke aktivitetar og tiltak for brukarane våre
- Me har eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og erfarne kollegaer som du kan støtta deg på og læra frå
- Ønskjer ein meiningsfull og lærerik arbeidskvardag
- Ønskjer å gjera ein forskjell og skapa gode augeblikk for brukarane våre
- Er interessert og omsorgsfull
- Er god på å kommunisera og samarbeida med andre
- Blir motivert av å kunne følgje opp brukarane med sine daglege aktivitetar, gjeremål, stell og pleie
- Deg med erfaring frå liknande arbeid, eller ønskje og motivasjon til å arbeide hos oss
- Du har gode norsk-kunnskapar både skriftleg og munnleg
- Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
- Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Til meir du fyller ut, til betre blir du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan du ta dei med på intervju
- Treng du hjelp? Då kan du kontakta oss på telefon 52 79 22 00
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2835422
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3449333_203559_nn