Fast stilling som barnehagelærar og assistent
Osterøy kommune
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fast stilling som barnehagelærar og assistent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Om stillingane
Vikarpoolen i Osterøy starta opp hausten 2023 for å ha faste tilsette som kan fungere som vikar i alle dei kommunale barnehagane våre. Dette har vore ein tryggleik for barnehagane, og dei tilsette får eit fast arbeidsforhold framfor vikartilsetjing.
Me har no behov for ein barnehagelærar og ein assistent i det flotte teamet vårt. Det er to ledige, faste stillingar på 100 %, ein for barnehagelærar og ein for assistent. Begge stillingane er ledige frå 1. september.
Som tilsett i vikarpoolen må du vere positivt innstilt til å vere i alle barnehagane våre og fleksibilitet er eit nøkkelord i desse stillingane.
Me gler oss til å få deg med på laget!Arbeidsoppgåver
Barnehagelærarstillinga:- Samarbeide tett med andre pedagogar og delta aktivt i utvikling av det pedagogiske tilbodet.
- Medansvar for å planlegge, tilrettelegge, organisere, gjennomføre og evaluere det pedagogiske tilbodet til barna i tråd med rammeplanen
- Støtte og være til stades for barn i leik og alvor
- Arbeide systematisk for å sikre eit godt og nært foreldresamarbeid
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og bidra i kollektiv kompetanseutvikling i barnehagen
- Være ein god rollemodell og kunne rettleie kollegaer i det pedagogiske arbeidet
- Skriftleg arbeid, til dømes planarbeid.
- Delta i daglege gjeremål på avdelinga og ha medansvar for samarbeid mellom avdelingar og personalet
- Leggje til rette for barns leik og ta ein aktiv rolle i leik og barns aktivitetar
- Vere ein god rollemodell
- Støtte og vere tilstades for barn i leik og alvor
- Samarbeide med foreldre og kollegaer
- Delta i daglege gjeremål på avdelingane
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Fagleg utvikling og tett samarbeid med kollegaer. Her får du dele av eigen kunnskap, samtidig som du får lære av dine kollegaer!
- Godt arbeidsmiljø og ein utviklingsorientert organisasjon. Me ser den viktige jobben du gjer!
- Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer og leiarar
- Tariffløn, god offentleg pensjonsordning og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
- Ein arbeidsstad som er inkluderande (IA) bedrift
Kvalifikasjonskrav
Særleg for barnehagelærarstillinga:- Bachelor utdanning som barnehagelærar
- Grunnleggande datakunnskaper
- Gode norskkunnskaper, muntleg og skriftleg, jf Barnehagelova § 27
- Det er krav om politiattest ved tiltreding jf Barnehagelova § 30. Attesten kan ikkje være eldre enn 3 mnd.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i barnehage.
Kven er du?
- For begge stillingane:
- Du ser kvart enkelt barn og er god i leik og samspel med barna
- Du er ein trygg vaksen som er til stades og støtter barna når dei treng det
- Du er engasjert og god på å samarbeide med foreldre og kolleger
- Du evner å få overblikk, ta inititativ og vise engasjement
- Du er positiv, fleksibel og utprega løysingsorientert
- For barnehagelærarstillinga spesielt:
- Du er fagleg sterk og evnar å setje planer om til praksis
- Du let barna medvirke i val av pedagogisk innhald, og er god i leik og samspel med barna
- Du bidrar til større fagleg utvikling i heile personalgruppa
- Du er lojal og bevisst di profesjonelle rolle i barnehagen
- Du evnar å ha overblikk over barnegruppa og skape inkluderande fellesskap
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d77c59cb-3b7e-4d99-a599-69d0bebdcf24
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10256634