Lege i spesialisering
Seksjon for drift og fagstøtte, Helse Møre og Romsdal HF
Vestmoa 27, 6018 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering
- Oppstart
- 1. mars 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 1. januar
Ønskjer du nye utfordringar i 2026?
Kva med å bli ein del av eit fagfelt i stadig utvikling, der du som lege kan utvikle og bruke din samla kompetanse innan både rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri og somatikk? Ønskjer du å jobbe i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø? Då bør du vurdere ei stilling hos oss. Vi søkjer ein lege med interesse og engasjement for rusfeltet, som vil vere med å vidareutvikle eit godt og heilheitleg behandlingstilbod for pasientar i tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).
Vi har ledig 2 faste 100 % stillingar for lege i spesialisering (LIS) ved avdeling TSB, Ålesund behandlingssenter frå 01.03.2026.
Avdeling for TSB i Helse Møre og Romsdal HF tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling til rusavhengige over 18 år. Avdelinga tilbyr utgreiing og behandling til rusavhengige og deira pårørande gjennom både individuelle og gruppeterapeutiske tilnærmingar. Ålesund behandlingssenter har tilbod om avrusing, korttids døgnbehandling og poliklinisk oppfølging. Som LIS vil du kunne få godkjent heile spesialistutdanninga i rus-og avhengighetsmedisin hos oss.
Ta kontakt om du ønskjer meir informasjon. Du er velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
- Utdanningsstilling i rus- og avhengighetsmedisin
- Oppgåver knytta til avdelinga si verksemd som vil variere ut fra den seksjonen ein er tilsatt i; mottak, abstinensbehandling, utgreiing, behandling, deltaking i tverrfaglege drøftingar m.m.
- Tverrfagleg samarbeid
- Deltaking i avdelinga si vaktordning
- Undervisning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i rus- og avhengigheitsmedisin
- Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søkje midlertidig stilling
- Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
- Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som trivast med å arbeide i team på tvers av profesjonar og yrkesgrupper, men også har god evne til å arbeide sjølvstendig
- Vi søkjer deg med eit fagleg engasjement og interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre
- Vi søkjer deg som har gode kommunikasjonsevner, som er fleksibel og løysingsorientert
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Rettleiing av erfarne overlegar
- Variert, utfordrande og lærerik teneste
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Siri-Mette Dragsund Hoff, Seksjonsleder, Siri.Mette.Dragsund.Hoff@helse-mr.noArbeidsstad
Vestmoa 276018 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5052889129
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 01.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d7753ae3-a223-49c1-a501-72ad646a43d4
- Sist endret
12. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ced9ae8d0d554f50995e0ba9aadcb338
Lignende annonser
Arbeidsgiver
AVDELING FOR DISTRIKTSPSYKIATRISKE SENTER DPS SUNNMØREHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Sjukepleiar/vernepleiar
Arbeidsgiver
Avrusing rusbehandling TSB ÅlesundHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
AVDELING FOR PSYKISK HELSEVERN BARN OG UNGEHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Kristiansund N, Volda, Molde, Ålesund