Autorisert helsefagarbeidar, Volda Omsorgssenter- Selje/Hasletunet
Volda kommune, Institusjonsteneste
Barstadmarka 2, 6102 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Autorisert helsefagarbeidar, Volda Omsorgssenter- Selje/Hasletunet
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 28. august
Vil du gjere ein forskjell i eldreomsorga?
Selje-/Hasletunet ved Volda Omsorgssenter har ledig 80 % fast stilling som helsefagarbeidar.
Vi søker deg som er engasjert, initiativrik og har eit hjarte for eldreomsorg.
Hos oss får du jobbe i ein seksjon med 19 plassar for personar med demens, fordelt på to bugrupper.
Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø der samarbeid og fagleg utvikling står i sentrum. Vi trur på miljøretta arbeid og at du som menneske er det viktigaste verktøyet i møte med bebuarane.
Det er pr d.d , 2 delt turnus ( Dag/Kveld) , med arbeid kvar 3 helg. Alternative turnusordningar/ årsturnus vert jobba med.
Arbeidsoppgåver
- Utøve pleie og omsorgsoppgåver, på ein fagleg og etisk måte.
- Ha fokus på medisinsk oppfølging, ernæring , støtte under bebuar sine eigne ressursar og trivsel for den enkelte bebuar.
- Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
- Samhandle med brukerar, pårørande og andre samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- Er autorisert helsefagarbeidar (oppgje HPR-nummer)
- Har gode norskkunnskapar (minimum nivå B2)
- Det skal leggast fram tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga
- Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og MRSA.
Personlege eigenskapar
- Er fagleg engasjert og trygg i møte med krevjande situasjonar
- Tek initiativ og ansvar
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre.
- Ønskjer å bidra til utvikling og dele kompetanse med kollegaer
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
Vi gjer ei heilskapeleg vurdering av søkjerar og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referanse vert nytta.
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Eit inkluderande og aktivt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kompetanseutvikling gjennom e-læring , internundervisning og kurs. Tilrettelegging for vidareutdanning.
Kontaktinformasjon
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjon , 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.noNora Skinnes, Seksjonsleiar Selje/Hasletunet, 45205089, nora.skinnes@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 26102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5000440500
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 28.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d76a1c63-26a7-40c5-96fa-e6b9e13cdfe3
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2cd4b1d178a045f8bfe836a2ea8d69a5