Vil du vere med og forme framtidas helse- og omsorgstenester?
Bjørnafjorden kommune Helse og velferd
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Om jobben
Stillingstittel
E-helse rådgjevar - 100 % fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 4. september
Bjørnafjorden kommune søkjer ein engasjert og framtidsretta rådgjevar som vil vere med og utvikle digitale løysingar i helse- og omsorgstenestene våre. Som rådgjevar innan e-helse får du ei nøkkelrolle i å styrkje kvalitet, samhandling og berekraft gjennom teknologi og digitale arbeidsformer. Stillinga er plassert i stab i Helse og velferd, som del av Faggruppe E-helse. Faggruppa er nyoppretta og har ansvar for å koordinere og støtte kommunens arbeid med e-helse og helseteknologi på tvers av einingar og tenester. Vi samarbeider tett med fagmiljø, ressurspersonar, leiarar og samarbeidspartnarar både regionalt, og nasjonalt.
Arbeidsstad
Rådhuset Os
Arbeidsoppgåver
E-helse er eit område i sterk vekst og kontinuerleg utvikling. Det betyr at du må trivast med endring, kunne tileigne deg ny kunnskap raskt, og vere komfortabel med å handtere varierte og nye oppgåver etter kvart som behov og løysingar endrar seg. Stillinga passar for deg som likar å vere med der det skjer, og som ser verdien av teknologi som støtte i gode, trygge og berekraftige helsetenester.
- Planleggje og leie innførings- og utviklingsprosessar knytt til e-helse og helseteknologi
- Vere pådrivar for tenesteutvikling og gevinstrealisering i samarbeid med fagmiljø, leiarar og samarbeidspartnarar
- Følgje opp eksisterande digitale løysingar, sikre kvalitet og god forvalting
- Bidra med opplæring, rettleiing og støtte til tilsette og leiarar i helse- og omsorgstenestene
- Sikre personvern, informasjonstryggleik og datakvalitet i tråd med gjeldande krav
- Samhandling med regionale og nasjonale aktørar innan digitalisering og e-helse
- Relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule, til dømes innan helse- og sosialfag, innovasjon, teknologi eller administrasjon
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Erfaring frå arbeid med digitalisering, utviklingsprosjekt eller implementering i offentleg sektor innan helse og velferd
- God systemforståing og evne til å setje seg raskt inn i nye digitale verktøy
- Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Strukturert og sjølvstendig, med evne til å drive prosessar framover
- Gode samarbeidsevner og trygg i dialog med ulike fagmiljø og leiarnivå
- Engasjert og løysingsorientert – ser moglegheiter og koblar saman menneske og teknologi
- Nysgjerrig på læring, forbetring og digital transformasjon i praksis
- Fleksibel og omstillingsdyktig – trivst i ei rolle der utviklinga skjer raskt og oppgåvene kan endre seg
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidskvardag, og godt arbeidsmiljø
- Ei spennande og strategisk rolle med stor påverknadskraft
- Moglegheit til å vere med å forme ei ny faggruppe, og nye løysningar
- Varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse
- Deltaking i regionale, og nasjonale nettverk
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d7618ab4-c1b5-4fac-91a7-de26f5867591
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3535251_195015_nn