Hopp til innhold

Ferievikarar reinhald

Arbeidsgiver

Husøkonomi Nordfjord, Helse Førde

Sted

Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikarar reinhald
Oppstart
15. juni 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Nordfjord sjukehus, Husøkonomi søkjer reinhaldarar sommaren 2026. Arbeidsperiode 15.06.2026 - 14.08.2026.

Du må helst kunne jobbe heile sommaren inntil 100% stilling. Du vil få ein turnus med varierte vakter på dag frå kl. 07.00 til kl.15.00 og på laurdagar frå kl 07.00 til kl.14.30. Det kan også være moglegheit for å få tilbod om tilkallingshjelp etter endt ferievikariat. 

Arbeidsstad vil være Nordfjord sjukehus: BUP, Nordfjord psykiatri; avdeling døgn og rus.

Sjukehusreinhald inneber varierte arbeidsoppgåver der vi er en viktig og heilt nødvendig del av sjukehusdrifta. Dette er en spennande stilling der de vil få en variert arbeidsdag.

Vi søkjer deg som likar utfordringar, trivest med ein hektisk kvardag samt likar å møte nye mennesker.
Husøkonomi/reinhald er med på å skape eit trygt opphald for pasientar, pårørande og ansatte. Vi stiller høge krav til reinhaldet.


Arbeidsoppgåver

  • Dagleg reinhald 
  • Periodiske oppgåver
  • Hovudreinhald 
  • Smittereinhald 
  • Operasjonsreinhald 

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med reinhald er ein fordel.
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Du er nøyaktig og opptatt av å ha det ryddig rundt deg
  • Du er ansvarbevisst 
  • Du har fokus på å gi god service og har positiv innstilling
  • Du er omgjengeleg og likar å samarbeide med andre.
  • Du tar ansvar og kan jobbe sjølstendig med dine arbeidsoppgaver

Vi tilbyr

  • Et triveleg arbeidsmiljø
  • Opplæring vil bli gitt
  • Lønn etter gjeldande avtaler
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Helene Hilde-Sølvberg, Seksjonsleiar, (+47) 915 34 718

Arbeidssted

Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5026867440
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 15.06.2026
Sluttdato: 14.08.2026
Søknadsfrist: 11.01.2026

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d7417125-4bbe-4c94-8a75-e2574df4cd78

Sist endret

12. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

9375c2b1ae7b47d08b32acefba56e424

Lignende annonser

Laster lignende annonser