Rådgjevar
Helse og omsorg
Sentrum 18, 4745 Bygland
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Helse- og omsorgstenesta i Bygland kommune har om lag 50 årsverk. Eininga omfattar mange ulike fagområde som sjukeheim, heimebaserte tenester (open omsorg) habiliteringstenesta, helsestasjon, jordmor, flyktningteneste, psykisk helse og rus.
Tenesta har eit leiarteam beståande av tenesteleiar, 3 avdelingsleiarar og 1 rådgjevar. Leiarteamet arbeider tett saman på tvers av avdelingane.
Vi har fokus på å arbeide for ein heiltidskultur der alle skal ha ei løn dei kan leve av. Vi har nyleg hatt ei medarbeiderundersøkjing der 94% av dei tilsette har svart at dei bryr seg om kvarandre og over 90% har svart at arbeidet betyr noko spesielt for dei og at det «ikkje berre er ein jobb». Helse og omsorgstenesta i Bygland er i utvikling og vi skal tilpasse oss morgondagens tenestebehov. Vi satsar på systematisk fagutvikling, meistring, velferdsteknologi og tillitsbasert leiing.
Bygland kommune er også med i IKT-Agder samarbeidet saman med 14 andre kommunar på Agder. Vi treng difor ein person med som kan bidra til å innføre Visma Flyt Ressurstyring, som kommunen skal ta i bruk.
Vi søker no etter ein rådgjvar med helsefagleg utdanning, som har interesse og erfaring med digitalisering og velferdsteknologi. Vikariat frå 01.01.2024 til 31.12.2024, med mogligheit for forlengelse.
Me tilbyr- Ein triveleg arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver.
- Moglighet for fagleg og personleg utvikling.
- Gode pensjons- og forsikringsordninger gjennom KLP.
- Konkurransedyktig lønn.
Før tilsetjing må det framleggjast gyldig politiattest, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om at søknaden får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil varslast dersom oppmodinga ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25).
Arbeidsoppgåver
- Systemansvarlig fagsystem (Visma Profil, Visma Flyt Ressursstyring, og andre helse relaterte systemer)
- Delta i prosjektgruppe hos IKT Agder, som etterhvert vil gå over til et "samarbeidsfora» opp mot Systemansvarlig i IKT Agder)
- Opplæring i og implementering av IKT verktøy i heile eininga. "Digital ambassadør".
- Følge opp systematisk HMS arbeid i avdelingane.
- Bidra til målretta og systematisk sjukefråværsarbeid
- Bidra til kompetanseheving, opplæring og undervisning av tilsette.
- Fagkoordinator for sentrale reformar, herunder opprette tverrfaglege arbeidsgrupper, søke om midler, evt. utarbeide planverk med tenesteleiar og andre aktuelle partar.
- Andre administrative oppgåver (mellom anna faktura, lønn og attestasjon)
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innanfor helseinformatikk/IKT, sykepleierutdanning / annen helseutdanning.
- Krav til formalkompetanse kan fravikast ved lang relevant erfaring.
- Gode digitale ferdighetar
- Erfaring fra turnusarbeid og kjennskap til regelverket
- Tilfredsstillande norsk-kunnskapar
- Det er ønskjeleg med erfaring frå kommunehelsetenesta
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert med evne til å tenke nytt.
- Strukturert og målretta.
- Evne og vilje til endring.
- Evne til å motivere og skape fagleg engasjement.
- Gode samarbeidsevner.
- Stor arbeidskapasitet.
Kontaktinformasjon
Leif Sigurd Helle, Tenesteleiar Helse-og omsorg, 950 52 813, leif.sigurd.helle@bygland.kommune.noArbeidssted
Sentrum 184745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 4733709563
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 10.12.2023
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2494633
- Hentet fra
talentech
- Referanse
19ca0afe78a44c878692a28eeae5c711