Kantor/organist/kyrkjemusikar
Aukra Sokn
Skogvegen 1a, 6480 Aukra
Om jobben
- Stillingstittel
- Kantor/organist/kyrkjemusikar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 60%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
Vi søker kantor / organist / kyrkjemusikar i 60 % fast stilling
Aukra kyrkjelege fellesråd har ledig 60 % fast stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar i Aukra sokn.
Aukra er ein eittsoknskommune med 3700 innbyggarar, der om lag 2550 personar bur på hovudøya Gossen og 1150 i fastlandsdelen Julsundet. Ferja mellom Gossen og Julsundet går jamleg og tek 12 minutt. Kommunen har godt utbygde servicetilbod, eit aktivt kultur- og idrettsliv og stor kristeleg aktivitet.
Aukra kyrkje er ei åttekantkyrkje i tømmer frå 1835 og ligg på Gossen. Kyrkja har eit 17 stemmers pipeorgel med to manualar og pedal frå frå 1995, levert av Th. Frobenius & Sønner,
Arbeidsoppgaver
- Leie det kyrkjemusikalske arbeidet ved gudstenester og andre kyrkjelege handlingar i Aukra kyrkje og kommunen elles.
- Samarbeide med andre tilsette om trusopplærings-, konfirmant-, diakoni- og anna kyrkjelydsarbeid
- Rekruttere og legge til rette for at frivillige i alle aldrar kan ta del i song- og musikklivet i kyrkjelyden
- Ha ansvar for konsertar og andre musikalske arrangement i samarbeid med kollegaer, frivillige og sokneråd
- Følgje opp kyrkjelyden si kyrkjemusikalske verksemd i tråd med soknerådet sine planar og prioriteringar
- Vere rådgivar for sokne- og fellesrådet i kyrkjemusikalske spørsmål
- Ha ansvar for tilsyn med og vedlikehald av kyrkja sine instrument og øvrige musikkutstyr
- Kvelds- og helgearbeid inngår i stillinga.
Kvalifikasjoner
- Kvalifikasjonskrav i samsvar med tenesteordning for kantorar eller minimum 3 års utdanning innan kyrkjemusikk. Anna musikalsk utdanning og erfaring kan også bli vurdert
- Allsidig orgel- og pianoferdigheit
- Meistre fleire musikksjangrar, vere komfortabel med samspel og ha kunnskap og erfaring med korleiing
- Evne til å organisere og gjennomføre prosjekt
- Gode kunnskapar om norsk salme-, liturgi- og gudstenestetradisjon
- Kunne norsk eller skandinavisk språk, munnleg og skriftleg
- Grunnleggande datakunnskap
- Må være medlem av Den norske kyrkja
Personlige egenskaper
- Engasjement for teamarbeid og å skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Interessert i, og open for, musikalsk mangfald og tverrfagleg samarbeid
- Initiativrik, engasjert og inspirerande
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø og stabsfellesskap
- Stort handlingsrom for skaping, samskaping og trivsel
- Kontor i kontorfellesskap på Aukra kyrkjelydshus
- Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande avtaleverk for kyrkjeleg sektor
- Pensjonsordning i KLP
Søknad og kontaktinformasjon:
- Søknad med vitnemål og attestar sendast elektronisk via www.kirkejobb.no
- Prøvespel må påreknast
- Tilfredsstillande politiattest må kunne leggast fram ved tilsetting, jf. Trussamfunnslova § 20
- Prøvetid: 6 mnd.
- Kontaktpersonar: kyrkjeverje Anne Marie Sødal, e-post anne.sodal@aukra.kommune.no tlf. 468 40 719 eller leiar i Aukra sokne- og fellesråd Erlend Melby, e-post erlend.melby@korsvikbakken.com, tlf. 922 20 253
Vi gjer merksam på at vi også har ledig 40 % stilling som kateket / kyrkjelydspedagog. Dersom søkaren er kompetent og interessert, kan ulike kombinasjonar av stillingane diskuterast.
Kontaktinformasjon
Anne Marie Sødal, kyrkjeverje, 468 40 719Erlend Melby, leiar i Aukra kyrkjelege fellesråd, 922 20 253
Arbeidssted
Skogvegen 1a6480 Aukra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Aukra SoknReferansenr.: 5033533798
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Erlend Melby
leiar i Aukra kyrkjelege fellesråd
922 20 253
Anne Marie Sødal
kyrkjeverje
468 40 719
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d71b7a9b-2dad-49ce-9b4f-957695000b5b
- Sist endret
27. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9cc06bcff8aa4ec28a91eaa5c23e371e
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Aukra Sokn
Sted
Aukra
Arbeidsgiver
Den norske kirke, Møre bispedøme
Sted
Batnfjordsøra, Molde
Arbeidsgiver
Aukra kommune Økonomiavdelinga
Sted
Aukra