Sokneprest Øre Gjemnes
Den norske kirke, Møre bispedøme
Skeisdalsvegen 8, 6631 Batnfjordsøra, Moldetrappa 1, 6415 Molde
Om jobben
- Stillingstittel
- Sokneprest Øre Gjemnes
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 20. november
Gjemnes kommune er tradisjonelt ein landbrukskommune. Her er godt utbygde servicenæringar og ein del industriarbeidsplassar, men det er mange som pendlar til Molde eller andre nabokommunar for arbeid. Kommunen har full barnehagedekning. Det ligg svært godt til rette for friluftsliv med god tilgang til fjord og fjell. I kommunen er det songkor, musikkorps, idrettslag, fleire aktive grendelag og foreiningar. Kulturskulen stimulerer kulturlivet. Det er også ein nystarta Frivilligsentral i kommunen.
Gjemnes ligg sentralt til mellom Molde og Kristiansund. Kystvegen E 39 går gjennom kommunen og reisetida til begge flyplassane ved byane er ein halv time frå prestebustaden på Øre. Vegen til det nye sjukehuset på Hjelset er også kort.
Dei to sokna Øre og Gjemnes er geografisk samanfallande med Gjemnes kommune., som er eige fellesrådsområde. Kommunen har 2708 innbyggarar ( pr 01.01.25) Av desse er om lag 2040 kyrkjemedlemmer I Øre sokn 1652 medlemmer og Gjemnes sokn 388.
Dei kyrkjeleg tilsette består av organist i 50 % stilling som organist, Kyrkjetenar i heil stilling. Menighetsarbeider/ klokkar sekretær i 44 % stilling. Heil stilling som kyrkjeverje Det er ein felles kateketstilling i prostiet.
Det gamle kommunehuset «Ørstua» ligg like ved Øre kyrkje og inneheld kontor for sokneprest, kyrkjeverje og menighetsarbeider/ klokkar og sekretær. Ørstua fungerer som base for dei tilsette og har rom for møter i råd og stab.
Gjemnes kyrkje og Øre kyrkje er dei to soknekyrkjene. I Øre sokn blir det også halde gudstenester i Osmarka kapell og i Angvik bedehus. Det er gravplassar ved begge kyrkjer og ved Osmarka kapell, i Batnfjordsøra og i Flemma.
Bokmål blir nytta i Gjemnes sokn, nynorsk i Øre sokn.
Forordningstala speglar befolkningssammensetjinga i kommunen, noko som inneber at hovudtyngda av dei kyrkjelege handlingane ligg til Øre sokn. Det er òg eit godt etablert samarbeid mellom Gjemnes og nabokommunen Tingvoll når det gjeld gudstenesteplanlegging og intern vikariering i samband med sommaren og anna ferieavvikling.
Kommunesenteret er Batnfjordsøra og her er sjukeheimen og helsesenter, her blir det halde regelmessige andakter og nokre nattverdsgudstenester for året.
Det er barne- og ungdomsskule i Batnfjordsøra, i Angvika og i Torvikbukt ( privatskule). I Torvikbukt ligg også Nordvestlandet Folkehøgskule.
Det er god oppslutning om konfirmasjon i sokna. Kateketen har i dei siste åra hatt ansvar for konfirmasjonsførebuinga.
Øre kyrkje er ei tømmerkyrkje frå 1865 og ligg ved fjorden på Øre. Gjemnes kirke frå 1893 ligg på Gjemnes, 15 min frå prestebustaden på Øre. Begge kyrkjene fungerer godt som soknekyrkjer.
Folkekyrkja står sterkt i Gjemnes. Innbyggarane er glad i kyrkjene sine og sluttar godt opp om dei kyrkjelege handlingane. Gudstenestedeltakinga er jamt over god.
Sokna ynskjer ein prest med visjonar og lyst til å drive kyrkjelydsarbeid for alle aldersgrupper.
Arbeidsoppgåver
Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelydane.
Soknepresten held gudstenester og forrettar kyrkjelege handlingar, deltar i dåps- og konfirmantopplæringa, utøver sjelesorg og vegleiing, samt anna forkynnararbeid
Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, bygge kyrkjelyd, og vere ein pådrivar for å skape eit «vi» som omfamnar menneske med ulik alder, bakgrunn, etnisitet og oppfatning. Du vil få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg. Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar. Soknepresten er fast medlem i sokneråd og kyrkjeleg fellesråd.
Kvalifikasjonar
Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, bygge kyrkjelyd, og vere ein pådrivar for å skape eit «vi» som omfamnar menneske med ulik alder, bakgrunn, etnisitet og oppfatning. Du vil få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg. Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar. Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje.
Det er eit godt etablert samarbeid mellom Gjemnes og nabokommunen Tingvoll når det gjeld gudstenesteplanlegging og intern vikariering i samband med sommaren og anna.
Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til presteteneste"" (VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jf. Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jf. Lov om tros- og livssynssamfunn § 20
For å bli tilsett må ein ha sertifikata og kunne disponere eigen bil.
Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
Utdanningsnivå
Cand. theol – profesjonsstudium i teologi (etter 2004)
Cand. theol – eksklusiv praktisk teologisk utdanning (før 2004)
Anna utdanning godkjend av Kirkerådet
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.Kontaktskapande med evne til å byggje nettverk.
Sterk på å bygge og vedlikehalde relasjonar, spesielt med tanke på barne- og ungdomsarbeid
Formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.
Vere med på å skape eit godt samarbeid med tilsette og med frivillige medarbeidarar.
Evne til å bygge bru i trusmangfaldet
Vi tilbyr
Løn etter hovudtariffavtalen i Den norske kyrkja, lønsgruppe 1555 sokneprest.Innskot i KLP
Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette.
Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
Eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.
Møre bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke
Du er velkomen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar via vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ynskjer namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.
www.kirken.no/gjemnes
Kontaktinformasjon
Vidar Wilhelmsen Rygh, Prost, +47 91763663Arbeidsstad
Skeisdalsvegen 86631 Batnfjordsøra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Den norske kirkeReferansenr.: 5035026683
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Vidar Wilhelmsen Rygh
Prost
+47 91763663
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
474bb4e5-cf39-4a00-b0c7-9e7eee2cf34b
- Sist endret
30. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3ef5611260144996b8772ff5c53fc023
Lignende annonser
Kirkeverge
Arbeidsgiver
Volda Kyrkjelege Fellesråd
Sted
Volda
Arbeidsgiver
Aukra Sokn
Sted
Aukra
Arbeidsgiver
Sandøy omsorgsdistrikt
Sted
Harøy