Prost i Ryfylke prosti
Stavanger bispedømmeråd
Prestagarden 5, 4130 Hjelmeland
Om jobben
- Stillingstittel
- Prost i Ryfylke prosti
- Oppstart
- 1. august 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 7. april
Stavanger bispedømme har ledig stilling som prost i Ryfylke prosti. Prosten er sentral i arbeidet med å realisere visjonen til Den norske kyrkja, «Meir himmel på jord», i prostiet. Kyrkja i Stavanger bispedømme er levande, nær og tilgjengeleg, med Jesus Kristus i sentrum.
Ryfylke prosti er eit geografisk vidstrekt prosti i Stavanger bispedømme, med ein felles identitet knytt til Ryfylke-regionen. Området spenner frå fjord- og fjellbygder til mindre tettstader, og speglar eit mangfald av lokalsamfunn og kyrkjelydar. Prostiet omfattar i dag 10 sokn fordelte på 4 kyrkjelege fellesråd i kommunane Sauda, Suldal, Strand og Hjelmeland. Prostiet har seks sokneprestar og éin prosti- og fengselsprest prest, i tillegg til prosten.
Vi søkjer etter ein prost som har evne og vilje til samarbeid og medarbeidarskap, og som kan motivere og inspirere medarbeidarar og kyrkjelydar.Den nye prosten har evne til å arbeide strategisk med korleis kyrkja kan utvikle seg som folkekyrkje. Prosten har ei sentral rolle i å utvikle prestetenesta og samarbeidet med kyrkjelege råd og lokale arbeidsgivarar.
Vidare søkjer vi ein prost som kan styrkje samarbeidet mellom kyrkje og samfunn, og som kan representere kyrkja på ein profesjonell og tydeleg måte overfor media, politikarar, kulturliv og ulike samfunnsaktørar. God kommunikasjonsevne og evne til å byggje relasjonar er derfor viktig.
Prosten inngår i det regionale leiarskapet til biskopen, bistår biskopen og gjer teneste som kyrkjelydsprest slik biskopen fastset. Prosten leier prestetenesta i prostiet og har det daglege arbeidsgjevaransvaret for prestane i prostiet.
Stavanger bispedømme har fokus på samledelse mellom prostar og kyrkjeverjer.
Prosten har prostesekretær i 20 % stilling.
Prostesetet ligg i Hjelmeland sokn.
Arbeidsoppgaver
- Leie prestetenesta i prostiet i samsvar med tenesteordninga for prostar i Den norske kyrkja
- Leie og utvikle prestetenesta i prostiet
- Ivareta arbeidsgjevaransvaret og vere næraste personalleiar for prestane
- Utføre presteteneste i samsvar med tenesteordninga for prestar i Den norske kyrkja
- Gjennomføre pastoralmøte for prestane i prostiet
- Arbeide strategisk med kyrkjelydsutvikling i tråd med mål og planar i Den norske kyrkja
- Bidra til fagutvikling for kyrkjelege medarbeidarar i prostiet
- Byggje relasjonar og fremje samhandling med kyrkjeverjer, kyrkjelege råd, kommunar og frivillige organisasjonar
- Ha kontakt og dialog med andre kyrkjelydar og trussamfunn
Kvalifikasjoner
- Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende.
- Praktisk teologisk utdanning
Personlige egenskaper
- Tydeleg og trygg kyrkjeleg leiar med relevant leiarerfaring
- God kommunikator og forkynnar med sterke formidlings- og liturgiske ferdigheiter
- Visjonær og strategisk, med evne til å sjå heilskap og setje retning
- Samlande leiarstil prega av tydeleg leiing, pastoral omsorg og tillitsbygging
- Gode samarbeids- og relasjonsevner
- Teambyggjar som trivst med å arbeide saman med andre
- Strukturert og beslutningsdyktig, med god gjennomføringsevne
- Gode administrative ferdigheiter og evne til å arbeide systematisk
- Omstillingsdyktig og open for nyskaping og utvikling
Vi tilbyr
- Stillinga blir lønt etter gjeldande reglar i KA sitt lønsregulativ.
- Prostetenesta blir utført innanfor ramma av leiaravtalen i rettssubjektet Den norske kyrkja.
- Vanlege regulativmessige godtgjersler. Skyss- og telefongodtgjersle etter offentlege satsar.
- Pensjonsinnskot etter gjeldande ordningar.
- Den som blir tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, reglement m.m., samt vedtak som kan påverke tenesta sine gjeremål og tenestedistrikt.
- Den som blir tilsett, må ha førarkort og disponere bil.
- Målforma er bokmål og nynorsk.
- Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Søknad om å få namnet unnateke frå offentleg søkjarliste nmå grunngjevast i søknaden. Behandlingsgrunnlaget etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
- Kvinner blir oppmoda til å søkje.
- Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest (barneomsorgsattest) utan merknader.
- Stavanger bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Kontaktinformasjon
Gunnar Rønnestad, HR leder, 51846270, gr575@kirken.noGeir Skårland, stiftsdirektør, 51846270, gs496@kirken.no
Arbeidssted
Prestagarden 54130 Hjelmelandsvågen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Stavanger bispedømmerådReferansenr.: 5080026702
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 07.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Stavanger bispedøme vart oppretta i 1125. Bispedømet omfattar heile Rogaland fylke og har bispesete i den nyrenoverte Stavanger domkyrkje. Bispedømet har 90 sokn, 23 kyrkjelege fellesråd og 8 prosti.
Bispedømet er prega av eit aktivt og blomstrande kyrkjelydsliv med stort mangfald og variasjonar. 700 tilsette, inkludert 110 prestar, og 11 000 frivillige ber kyrkjelivet lokalt. 62,7 % av innbyggjarane (316 000) i bispedømet er medlemmer av Den norske kyrkja.
Bispedømet har 160 kyrkjebygg, mellom dei både nokre av Noregs eldste og nyaste kyrkjer.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d708bcef-6e45-43df-986c-1ac4352725f7
- Sist endret
5. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f68d5707abb54527a26d5328077733fc
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sjernarøy barnehage (7), Stavanger kommune
Sted
Sjernarøy
Arbeidsgiver
Fåtunet Bofellesskap på Finnøy, Stavanger kommune
Sted
Finnøy
Statsautorisert revisor
Arbeidsgiver
Revisorgruppen Fjordane AS
Sted
Agder, Akershus, Oslo, Rogaland, Vestland, Innlandet, Buskerud, Trøndelag, Møre og Romsdal, Telemark, Nordland, Troms, Finnmark