Sommarjobb innan utandørs drift på Porsangmoen
Forsvarsbygg
9709 Porsangmoen
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarjobb innan utandørs drift på Porsangmoen
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 13. april
Forsvarsbygg i Finnmark søkjer inntil 4 sommarvikarar til ulike oppgåver knytte til utandørs drift på Porsangmoen.
Arbeidsoppgåvar vil primært vere målerarbeid og sommarvedlikehald på grøntanlegg.
Perioden vil vere i skuleferien, omtrent veke 26-33.
Vi ber deg oppgi i søknaden kva for periode du kan jobbe.
Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i 3- 4 veker i skoleferien. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Oppgi i søknaden kva periode du ønsker å jobbe.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgåver
- Målearbeid
- Vegetasjonsrydding
- Sommarvedlikehald på grøntanlegg
- Påkommande oppgåver
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Kvalifikasjonar
- Må vere fylt 16 år, eller fylle 16 år i 2026
- Du må kunne autoriserast før oppstart
- Det er ønskeleg at du er over 18 år og har førerkort kl. B
Vi tilbyr
Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), kr. 293 500 til kr. 417 600 i brutto årleg lønn.Kontaktinformasjon
John Sigurd Hansen, Områdeleiar, 481 76 048Arbeidsstad
9709 Porsangmoen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: ForsvarsbyggReferansenr.: 5084477062
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 13.04.2026
Kontaktperson for stillingen
John Sigurd Hansen
Områdeleiar
481 76 048
Om bedriften
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d6d2a5ec-f68b-4876-8547-b1797f30112b
- Sist endret
18. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
351affb2ee83454582b9af7c979aa863