Ungdomskontakt
Oppvekst og undervisning
Markegata 51, 6905 Florø
Om jobben
- Stillingstittel
- Ungdomskontaktar
- Type ansettelse
- Prosjekt, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Er du engasjert, trygg og god på å bygge relasjonar med ungdom? Vi søker ungdomskontaktar som vil bidra til å skape trygge, inkluderande og meiningsfulle møteplassar for ungdom i kommunen vår. Som ungdomskontakt vil du bli ein del av vårt tverrfaglege team Familiehjelpa i Kinn.
Vi har ledig prosjektstillingar med varighet i 1 år, og med moglegheit for forlenging. Stillingane er:
- 30% stilling i Måløy
- 20 % stilling i Eikefjord
Stillingane kan kombinerast med andre deltidsstillingar i Kinn kommune.
Arbeidsoppgåver
Som ungdomskontakt vil du ha ei viktig rolle i å møte ungdom på deira arena - både i organiserte tilbod og ute i nærmiljøet. Du vil jobbe forebyggande og helsefremjande, og bidra til at ungdom opplev meistring, tilhøyrsel og støtte.
Arbeidsoppgåver kan vere:
- Etablere og oppretthalde kontakt med ungdom i alderen 13 år - og ut videregåande skule
- Vere tilgjengelig og tilstades på ungdomsarenaer (ungdomsklubb, arrangement, skule og fritid)
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar og tiltak saman med ungdom
- Drive oppsøkande verksemd ved behov
- Bidra til tidleg innsats og førebygging i samarbeid med andre tenester
Noko jobbing på ettermiddag/kveld må reknast med!
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan sosialt arbeid, barne- og ungdomsarbeid, pedagogikk eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensere for utdanning.
- Erfaring i arbeid med ungdom, gjerne frå forebyggande arbeid eller fritidssektoren.
- Førerkort klasse B er ein fordel.
Personlege eigenskapar
- Trygg i møte med ungdom med ulik bakgrunn og behov.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig og fleksibelt - også på ettermiddag og kveld
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du verkeleg kan gjere ein forskjell
- Eit engasert og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Rettleiing og fagleg utvikling
- Varierte arbeidsdagar og stor grad av sjølvstende
- Lønn etter avtale/ tariff
- Pensjonsordning i KLP
Kontaktinformasjon
Gry Hammerseth Ommedal, Leiar Familiehjelpa i Kinn, +47 46849557Arbeidsstad
Gate 1 646700 Måløy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5101980321
Stillingsprosent: 30, 20%
Engasjement
Søknadsfrist: 12.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Gry Hammerseth Ommedal
Leiar Familiehjelpa i Kinn
+47 46849557
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d6b156e8-2916-4d9e-8207-f8be4fdc95d4
- Sist endret
27. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d57f6cc860374042a18a1cc5d74e688b