Fastlege / Kommunelege II
Avdeling for helse, Nissedal kommune
Treungvegen 398, 3855 Treungen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fastlege / Kommunelege II
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 7. april
Nissedal legekontor treng ein engasjert og dyktig lege med på laget!
Stillinga er ledig frå 1. september 2025, og er ei 100 % fastløna stilling med listetak på 700 pasientar.
Nissedal legekontor ligg idyllisk til ved vannkanten av innsjøen Nisser i sentrum av Treungen. På legekontoret er det to fastlegar (kommuneoverlege og kommunelege II) og turnuslege, samt sjukepleiar og legesekretær. Her vil du bli ein del av eit særdeles godt arbeidsmiljø, med pasientomsorg og fagutvikling i fokus. Legekontoret er organisert under helseavdelinga.
Løn og andre arbeidsvilkår etter avtale.
Har du ynskje om å starte spesialisering i allmennmedisin, så har vi god erfaring med veiledning og oppfylgjing, og vil tilrettelegge for det!
Vi søkjer etter deg som er god på oppfylgjing av pasientar, er strukturert, løysingsorientert, fleksibel og god på å jobbe i team. Vil du vere med på laget i ein variert og spennande kvardag, samt vere med på å dreie tenesta, med tett samarbeid med heimebaserte tenester, kreftkoordinator og demenskoordinator? Då er denne stillinga noko for deg!
Velkomen som søkar!
Som innbyggjar i Nissedal kommune vil ein få sletta kr. 25.000 av studielånet kvart år ein bur i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Eiga pasientliste med listetak på 700 pasientar
- Kurativt legearbeid og ø-hjelp/ legevakt på dagtid
- Tilsynslege sjukeheim i samarbeid med LIS1
- Samarbeid med andre faggrupper i kommunen sine helse- og omsorgstenester.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege med full refusjonsrett
- Fullført LIS1
- Spesialistgodkjenning i allmenmedisin, under utdanning i allmennmedisin eller ynskje om å spesialisere seg innan allmenmedisin er ynskjeleg
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- God framstillingsevne i norsk, munnleg og skriftleg
- Erfaring frå allmennmedisin og kjennskap til norsk helsevesen er ein fordel
- Interesse for og evne til å ta i bruk digitale verktøy i arbeidskvardagen for å effektivisere pasientbehandling og samhandling
- Er oppteken av tverrfagleg samarbeid med kommunale tenester, som heimeteneste, sjukeheim og psykisk helse.
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som;
- Har gode kliniske ferdigheitar og fagleg engasjement
- Vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Har interesse for alle sider av allmennmedisinsk virksomhet
- Er strukturert, løysingsorientert og fleksibel
- Har gode kommunikasjons- og formidlingsevner
- Arbeider godt sjølvstendig og i samarbeid med andre tenester og fagpersonar
- Vil bidra til utvikling av legekontoret
Personleg eignaheit vektleggast
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med trivelige og engasjerte kollegaar, samt godt fagleg fellesskap
- Fokus på fagleg utvikling
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Løn og andre arbeidsvilkår etter avtale
- Kontortid frå 07.30 - 15.00
- Veiledning og tilrettelegging ved spesialisering i allmennmedisin
- Hjelp til bustad
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement.
Kontaktinformasjon
Hild Riseth Fjone, Avdelingsleiar helse, 40480877, hild.fjone@nissedal.kommune.noArbeidsstad
Treungvegen 3983855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 4931534244
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2881379
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bc28f5e411ad47cbb89aaafd04a19378