Lærer med kompetanse innan alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) og teiknspråk
MÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE, - Vestland fylkeskommune
6718 Deknepollen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærer med kompetanse innan alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) og teiknspråk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. januar
Måløy vidaregåande skule er leverandør av opplæring innan mange fagfelt, og har eit særleg fokus på marin og maritim opplæring.
Skulen tilbyr desse utdanningsprogramma: Naturbruk, Maritime fag, Bygg- og anleggsteknikk, Teknologi- og industrifag, Studiespesialisering, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Informasjonsteknologi og medieproduksjon, TAF/YSK (yrkes- og studiekompetanse) innan Helse, Akva og TIF.
I tillegg er Sikkeheitssenteret i Måløy (SIM) med sine kurstilbod organisert som eiga avdeling under Måløy vgs.
Oppstart 01.08.2025
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere knytt til undervisning av elev som brukar ASK og elev som brukar teiknspråk.Kvalifikasjonar
Til stillinga ønskast ein lærar med vidareutdanning i ASK. Det er også ønskeleg med kompetanse i teiknspråk.God munnleg og skriftleg framstillingsevne
God digital kompetanse
Erfaring frå undervisning.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer personar som er utviklingsorienterte og som er villig til å dele kunnskap med andre tilsette på avdelinga. Vi vektlegg gode samarbeidsevner for å nå felles mål. Vi ønskjer kollegaer som har eit positivt elevsyn, som har gjennomføringsevne, som er reflekterte og som viser kreativitet.Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver. God moglegheit for fagleg utvikling og kollegarettleiing. Måløy vidaregåande skule har nyleg rehabilitert klasserom og verkstader. Skulen har eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap.Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk. Gode forsikrings - og pensjonsordningar. Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk. Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar. Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest. Søknadsfrist 31.01.25
Kontaktinformasjon
Ellen Jåvold, rektor, +47 40031715, ellen.jaavold@vlfk.noArbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4901687844
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2828113
- Hentet fra
talentech
- Referanse
49241131a0764034ac6c45e47791a4b4