100% stilling som miljøterapeut i langvaktsturnus
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Moavegen 30, 2690 Skjåk, Skjåk, Innlandet, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Stillinga er for tida i langvaktsturnus i Bismotunet bufellesskap, og frå og med 14. april utvidar vi tilbodet om å arbeide langvakter på helg til også gjelde vekedagar. Turnusen har i snitt berre 3 oppmøte/ vakter pr. veke.
Bismotunet bufellesskap er ein del av heimetenesta for funksjonshemma i Skjåk kommune. Vi har eit moderne heildøgns bemanna bufellesskap med både faste bebuarar og avlastningsplassar for barn og ungdom. Vi har eit godt etablert fagmiljø der du vil få mange dyktige kollegaer. Miljøterapeutane har medansvar for det faglege tenestetilbodet vårt. Vi arbeider for at våre aktivitetar skal synlege i samfunnet i Lom og Skjåk.
Arbeidsområde
-
Utføre oppgåver knytt til målretta miljøarbeid med barn - og/ vaksne funksjonshemma med samansette behov
-
Fagansvar for enkeltbrukar og medverke til gode heilskapelege tenester
-
Er du sjukepleiar eller vernepleiar får du utvida ansvar i høve til legemiddlehåndtering
-
Vere ein pådrivar for godt miljøarbeid og rettleie andre
-
Ansvar for vurdering, gjennomføring og opplæring i høve til vedtak etter Kap. 9 i helse- og omsorgstenestelova
Kvalifikasjonar
-
3-åring helse og sosialfagleg høgskuleutdanning
-
Erfaring frå fagfeltet kan kompensere frå utdanningskravet
-
Førarkort klasse B
-
Godkjent politiattest
Vi vektlegg at du
-
tek ansvar for fag og fagutvikling i det daglege miljøarbeidet
-
tek sjølvstendig initiativ til aktivitet med brukarane i sentrum
-
har generell forståing for bruk av teknologi som td. velferdsteknologi/ meistringsteknologi
-
dokumenterer i høve til lover og forskrifter
-
har erfaring frå liknande arbeid og målretta miljøarbeid med barn og vaksne
-
har god kjennskap til tvang og makt etter kap. 9 i helse og omsorgstenestelova
-
er fleksibel i høve til omstilling
-
har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
Arbeidet kan vere fysisk belastande.
Vi tilbyr-
Eit godt fagmiljø med fokus på kvalitet, god opplæring og fagleg utvikling
-
Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
-
Pensjonsordning i KLP
Spørsmål om stillingane kan rettast til Gudrun Teigen mobil 95982598.
Søknadsfrist 13. april 2025- Elektronisk søknadsskjema
-
Søkjarlista vil bli offentleggjort
Kommunedirektøren
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2906616
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
d632dccd-36b9-4563-bfcd-d40335433e77