Stranda ungdomsskule - Undervisningsstillingar
Stranda ungdomsskule, Stranda kommune
Hevsdalsvegen 50, 6200 Stranda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Stranda ungdomsskule og vaksenopplæring - Undervisningsstilling
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest torsdag 22. mai
Stranda ungdomsskule og vaksenopplæring er ein 8-10. skule med ansvar for grunnskuleopplæringa for om lag 130 elevar. I tillegg har eininga ansvar for vaksenopplæringa i kommunen. Skulen ligg i Stranda tettstad og var ferdig totalrenovert våren 2013.
Stranda ungdomsskule ynskjer å fokusere på at elevane skal lære seg det dei treng for vidare skulegang og arbeid i framtida, og har som hovudmål "Å lære meir". Så enkelt, men samtidig så vanskeleg. Det ligg mykje hard arbeid og mykje innsikt og omtanke bak å klare "å lære meir". Vil du arbeid i lag med oss slik at alle elevane våre kan "lære meir"?
Frå 01.08.2025 har vi ledig følgjande stillingar:
50% undervisningsstilling, vikariat for skuleåret 2025/202650% undervsiningsstilling, fast
Det er i første rekke ønskjeleg å få dekka faga matematikk, naturfag, KRLE og kroppsøving.
Stillingane kan kombinerast
Vi ber om at det går klart fram av søknaden kva fag du kan undervise i og kor stor stilling du ynskjer.
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest av nyare dato, ikkje eldre enn 3 månadar.
Arbeidsoppgåver
- I hovudsak undervisning i klasse, men skulen har fleire elevar som treng ekstra oppfølging. Nokre av desse elevane har eigne "prosjekt", og den som blir tilsett vil få heilt eller delvis ansvar for ein eller fleire slike elevar
- Relasjonsbygging mot elevane er heilt essensielt, og det blir lagt vekt på at den som blir tilsett har bakgrunn og personlege eigenskapar som kan understøtte det.
Kvalifikasjonar
- Formell undervisningskompetanse i faga nemnt ovanfor
- Erfaring som kontaktlærar
- Beherskar norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, ansvarleg og fleksibel
- Gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt samarbeidsmiljø, både i forhold til elevar og tilsette
- Kunnskap om og erfaring med god klasseleiing
- Erfaring med vurdering, formell og uformell
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Eit godt og oppegåande fagleg og sosialt miljø mellom dei tilsette
- Ivrige og trivelege elevar
- Du får vere med påverke din eigen arbeidskvardag, fagleg og sosialt
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i SPK får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Les meir:Offentleg tenestepensjon
Kontaktinformasjon
Paul Ivar Pedersen, Rektor, +47 46411100Arbeidsstad
Hevsdalsvegen 506200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4966722640
Stillingsprosent: 50%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 22.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Paul Ivar Pedersen
Rektor
+47 46411100
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2935336
- Hentet fra
talentech
- Referanse
691ae7cb86ff4f6f912b57ffe27ad091