Ferievikar 2025 - Vikar for LIS / medisinstudent med lisens
Ferievikarer Volda sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikar 2025 - Vikar for LIS / medisinstudent med lisens
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. januar
Medisinsk seksjon og kirurgisk seksjon har behov for vikarar for LIS og medisinstudent med lisens i i perioden veke 25 - 33.
Informasjon til søkjaren:
Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sine behov, men i søknaden kan du gi til kjenne kva seksjon du helst prioriterer. Dersom du har jobba for oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Du må pårekne arbeid annankvar helg, og du kan rekne med ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege eller medisinstudent med lisens
- Gode norskkunnskapar - munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement og arbeidsglede
- Du medverkar til å gi eit godt tilbod til pasientane du møter
- God kompetanse, samarbeidsevner og positive haldningar vert lagt vekt på
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
For meir informasjon om vår region, sjå her og her.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er god infrastruktur og korte avstandar på Søre Sunnmøre og til delar av Nordfjord. Bu- og arbeidsmarknadsregionen utgjer omlag 65 000 innbyggjarar. Ørsta/Volda lufthamn har fleire daglege samband til Bergen og Oslo. Sjå meir om Volda her
Kontaktinformasjon
Therese Karina Saunes, Seksjonsleiar, Kirurgisk seksjon, therese.karina.saunes@helse-mr.noØystein Lexerød Hovlid, Overlege gastroenterologi, oystein.lexerod.hovlid@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4887362724
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2797032
- Hentet fra
talentech
- Referanse
119f5b83025b415b99b51469a818cb13