Spesialpedagog
Gloppen ungdomsskule, Gloppen kommune
6823 Sandane, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Spesialpedagog
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 20. juli
Gloppen kommune har ledig 80% stilling som spesialpedagog ved Gloppen ungdomsskule frå 1.august 2025.
Spesialpedagogen skal arbeide med elevar med samansette vanskar.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for planlegging og undervisning for elevar med ulike behov.
- Planlegging og samarbeid med kontaktlærar, spes. ped.-koordinator og tverrfaglege instansar
- Undervisning i større grupper/ klassar kan vere aktuelt
Kvalifikasjonar
- 2. avdeling spes.ped. / master i spes.ped.
- erfaring med spesialundervisning og arbeid med alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
- kjennskap til og erfaring med bruk av ulike tekniske hjelpemiddel
- gode dataferdigheiter
- pedagogisk utdanning for ungdomsskulenivå
- evne til å kunne setje seg inn i relevant lovverk
Personlege eigenskapar
- gode samarbeidsevner, fleksibilitet, evne og vilje til å sette seg inn i nye arbeidsoppgåver
- evne til å jobbe sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
- ein arbeidsplass med fokus på fag og utvikling
- engasjerte og dyktige kollegaer
- løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis
- tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med offentleg tenestepensjon i KLP
For tilsetting gjeld prøvetid.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Ragnhild Laila Bruvoll, Rektor Gloppen ungdomsskule, +47 418 03 716Arbeidsstad
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4991660466
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 20.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Ragnhild Laila Bruvoll
Rektor Gloppen ungdomsskule
+47 418 03 716
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d60382c2-bd0d-49eb-ad51-f1a8eba63e80
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f05022f3f7e34b07b3c2fc75064f754c