Servicekoordinator
Ulstein Power & Control AS
Osnesvegen 118, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Service Coordinator
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
ULSTEIN jobbar aktivt inn mot det grøne skiftet, og i dette arbeidet er Ulstein Power & Control AS si utvikling av system og tenester for morgondagens berekraftige marine operasjonar sentrale.
Ulstein Power & Control er eit service- og systemintegrasjonsselskap i vekst og utvikling, med fokus på å tilby målretta systemløysingar og tenester til kundar i inn- og utland. Som servicekoordinator vil du vere med på å påverke og skape resultat i samarbeid med andre, og utøve verdiane våre gjennom å «innovere, engasjere og avansere». Gode kunderelasjonar gjennom alle fasar i fartøyet si levetid er viktig for ULSTEIN, og du vil vere eit viktig bidrag i dette. I Ulstein Power & Control får du ein spanande og dynamisk arbeidskvardag i eit innovativt og engasjert miljø, med høve til personleg og fagleg utvikling.
Vi søkjer etter ein proaktiv og dedikert person til vårt team.
Ulstein Power & Control har hovudkontoret sitt i Ulsteinvik, og kontorfasilitetar i Ålesund.
Søknadsfrist: Stillinga vil verte open for søknader ut mars, men aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Kundekontakt, relasjonsbygging og salsfremjande aktivitetar
- Prosjektgjennomføring/ sakshandsaming i D365, CRM og ERP
- Medansvarleg for å utvikle tenester innan Ulstein Service & Aftermarket
- Noko reiseaktivitet kan påreknast
Kvalifikasjonar
- Teknisk utdanning eller erfaring
- Kunnskap om ettermarknad
- Erfaring med bruk av CRM og ERP er ein fordel
- Gjerne bakgrunn frå arbeid med prosjekt
Personlege eigenskapar
- Engasjert og kreativ
- Strukturert
- God evne til å kommunisere og bygge relasjonar
- Fleksibel
Vi tilbyr
- Konkurransedyktige vilkår
- Fleksitidsordning
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Godt arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Per Einar Moldskred, Service Manager, 977 92 121Malin Ulla Berg, HR & QA Coordinator, 91100410
Arbeidssted
Osnesvegen 1186065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Ulstein Power & Control ASReferansenr.: 4628947205
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.03.2023
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik.
Ulstein Power & Control AS tilbyr integrasjon på marine system innan power og automasjon, og service knytt til desse systema, inkludert kommunikasjon og bru. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2270392
- Hentet fra
talentech
- Referanse
134e022d4ec1491cb36a190a6796fd5b