Undervisningsstilling i vidaregåande skule -- bidra til fagleg utvikling og elevane si framtid
Rogaland fylkeskommune
Hetlandsgata 27, 4349 Bryne
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. april
Arbeidsoppgåver:
- Som faglærar har du ansvar for det faglige og pedagogiske arbeidet rundt elevane, saman med kollegaer. Du deltek på fagmøter og utviklingsarbeidet på skulen.
- Som kontaktlærar har du i tillegg ansvar for elevoppfylgjing i klassen, samt samarbeid med blant anna føresette og andre samarbeidspartnarar.
- Utarbeiing av IOP saman med dei andre lærarane i klassane.
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av eiga undervisning.
- Det er forventa at du både kan ta imot og gje rettleiing til andre i pedagogisk utviklingsarbeid.
Vi ser et deg som har følgjande kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning (min. bachelor) innan helse-, sosial-, eller oppvekstfag, og praktisk pedagogisk utdanning
eller: - Yrkesfaglærarutdanning innan aktuelle fagområde
- Godkjend politiattest er kravd ved tilsetjing
Dersom det ikkje er søkarar som fyller kompetansekrava for tilsetjing, kan andre søkarar som er i gang med relevant utdanning tilsetjast på vilkår av at utdanninga blir fullført
Vi ser etter deg som:
-
Ein tydeleg klasseleiar som trivest med ungdom/unge vaksne, og som evner å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar
-
Ein som legg vekt på elevaktiv læring og elevmedverknad
-
Ein tilsett som er open, samarbeidsvillig, kreativ og har godt humør
-
At du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert
-
At du har gode digitale ferdigheiter
-
At du tek medansvar for profesjonsutvikling, og er positiv til å reflektera over og utvikla eigen praksis saman med elevar og kollegaer
Det er ein fordel med erfaring frå undervisning på Helse- og oppvekstfag innanfor fleire programområde.
Personleg eignaheit vil bli vektlagd
Hos oss kan du sjå fram til mykje bra, og vi tilbyr:
- Eit dynamisk kollegium i flotte undervisningsbygg
- Ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring
- Bryne er ein vidaregåande skule med rikelege moglegheiter både for lærarar og elevar
- Løn etter gjeldande tariffavtale
Vårt samfunnsoppdrag
Rogaland fylkeskommune står framfor ei spennande tid, prega av både utfordringar og moglegheiter. Gjennom visjonen vår «Saman for eit grønt og attraktivt Rogaland»forpliktar vi oss til å vere ein drivkraft for god samfunnsutvikling i heile fylket. Denne visjonen ligg til grunn for alt vi gjer, og speglar målet vårt om å skape eit Rogaland som er attraktivt for både innbyggjarar og besøkande.
Rogaland fylkeskommune vil mellom anna:
- bidra til utvikling av levande og attraktive byar, sentrum og lokalsamfunn gjennom kompetanse, nettverksbygging, heilskapleg innsikt og gode prosessverktøy
- sikre utdannings- og kompetansemoglegheiter i heile fylket
- bidra til eit kortreist kvardagsliv gjennom samordna areal- og transportplanlegging
- bistå kommunane med å leggje til rette for ei kunnskapsbasert og heilskapleg bustadforsyning som tek omsyn til både effektiv arealbruk og bustadmangfald
- arbeide for gode og trafikksikre løysingar for gåande, syklande og dei som reiser kollektivt
Søknaden din bør innehalde:
- Søknadsbrev
- CV
- Vitnemål (henta frå vitnemålsportalen.no) og attestar
- Dersom du har utdanning frå utlandet: godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)
Korleis søkje på stillingar hos oss:
Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.
CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.
Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase - Hjelp for jobbsøkjarar
Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.
Vi set stor pris på innsatsen du legg i søknaden din, og vi blir veldig glade om du som aktuell søkjar sender inn ein søknad til oss!
Jobb med meining
Jobb med meining
Video: https://youtu.be/gLB4c74XJ24
Om bedriften
Rogaland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsgjevarane i fylket med rundt 4300 tilsette. Vi jobbar saman for eit grønt og attraktivt Rogaland.
Vil du vere med og byggje eit betre Rogaland saman med flinke og engasjerte kollegaer?
Bryne vidaregåande skule er ein av landets største vidaregåande skular med om lag 2200 elevar og 360 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, påbyggsklasser, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv, studiespesialiserande, teknologi- og industrifag, fengselsundervisning, innføringsklassar og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper innanfor spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområde er vurderingspraksis, relasjonar og profesjonsutvikling med bakgrunn i fagfornyinga, djupnelæring og satsingsområda i overordna del. Elevane som samfunnsressurs er viktig for skulen.
Ved Bryne vidaregåande skule, avdeling Helse- og oppvekstfag, har vi ledig vikariat på 100% for skuleåret 2026-2027.
Me har behov for ein faglærar som kan undervise i programfag på Vg1, både ordinært og vaksenopplæring. Det kan og verta lagt timar på Helsearbeiderfag.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d5dd2a81-4af7-4db3-9a6b-7c30ace43f0f
- Sist endret
25. mars 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
457152063