Straumehagen
Øygarden kommune Straumehagen
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar som vaken nattevakt i 60% fast
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 26. august
Om avdelinga:
Straumehagen ligg sentralt på Straume og yter tenester til vaksne med ulike funksjonsnedsetjingar. Det er ei tverrfagleg samansett personalgruppe. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, medråderett, tillitsskapande arbeid og meistring vert lagt stor vekt på. Det er ein baseleilegheit som er knytt til nokre av leilegheitane.
Arbeidsoppgåver:
- Tilsyn og oppfølging av bebuarane
- Vere ein trygg kontaktperson
- Bidra til dagleg omsorg
- Stell og pleie
- Medikamenthandtering
Kvalifikasjonar:
Må ha:- Helsefagarbeidar.
- Ufaglærte kan også bli vurdert dersom kvalifiserte søkjarar ikkje melder seg
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skrifteleg
- Trygg
- Fleksibel
- Sjølvstendig
- Løysningsorientert
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Avdelingsleiar Torill Wikse Rognskog 474 82 676
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d5d93585-2d3e-43b7-a5cb-117f87238a14
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3532899_220637_nn