Prosjektleiar
Sveio kommune
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektstilling
Type ansettelse
Prosjekt, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Vi har ledig spannande stilling som leiar for prosjektet "Ei sunn sjel i ein sunn lekam". Som prosjektleiar vil du vere tilsett i Eining for barn og familie. Prosjektet vil bli starta opp hausten 2025 og bli avslutta innan utgangen av 2027.
Me har ledig 60% stilling frå 01.08.2025. Det kan vera mogleg å kombinera stillinga med andre stillingar etter avtale.
Omtale av stillinga:
Sveio kommune har blitt teken opp som deltakar i "Program for folkehelsearbeid i kommunane" gjennom vedtak i Vestland fylkeskommune. Prosjekt har fokus på korleis ein skal leggje til rette for meir for sunt kosthald og meir fysisk aktivitet blant barn og unge i kommunen.
Prosjektet skal ha overføringsverdi til andre kommunar, og det vil bli gjort avtale med eit FOU-miljø som kan evaluera prosjektet gjennom prosjektfasen. Interesserte søkjarar vil få tilsendt førebels prosjektplan ved å venda seg til kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Vera leiar for folkehelseprosjektet «Ei sunn sjel i ein sunn lekam" med totalansvar for framdrift og budsjettstyring
- Ha kontakt med aktuelle barnehagar, skular i kommunen og andre samarbeidspartnarar
- Ha kontakt med Vestland fylkeskommune og relevante fagmiljø og FOU-miljø
- Rapportera til rådmannen si leiargruppe om framdrifta i prosjektet
Kvalifikasjonar
- Ein tydeleg og engasjert prosjektleiar
- Forståing for budsjettstyring slik at løyvde midlar blir nytta mest mogeleg effektivt
- Relevant universitets- eller høgskuleutdanning
- Kunnskap om og forståing for kommunale tenester for barn og unge
- Kompetanse og erfaring innan fysisk aktivitet og kosthald er ein fordel
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein prosjektleiar som har:
- Gode leiareigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å byggja relasjonar og samarbeida med andre både innanfor og utanfor kommunen som organisasjon
- Evne til gjennomføring, også når ein møter motstand
- Evne til refleksjon kring eige arbeid
Evne til å gje og ta imot rettleiing
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
- Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle
- Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d5c8c5c7-d4ee-44cb-a89b-d40d7afdafa6
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10251706