Ergoterapeut 100 % vikariat
Kvinnherad kommune Ergo og fysioterapi
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ergoterapeut
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. september
Omtale av stillinga
Kvinnherad kommune søkjer ergoterapeut i 100 % vikariat med 1 års lengde frå 01.11.25-01.11.26. Om dette tidsrommet ikkje passar akkurat deg heilt perfekt, ber me deg uansett ta kontakt så ser me om me finn ei løysing.
Arbeidsstad er avdeling for Ergo- og fysioterapi med oppmøtestad på Husnes.
Målet med våre tenester er at innbyggjarane skal kunne nytta eigne ressursar og være så sjølvstendige som mogleg i daglige aktiviteter. Vi ynskjer oss ein kollega som kan stilla spørsmål og tenkja nytt saman med oss, slik at vi kan utvikla tenesta.
Arbeidsoppgåver
Ergoterapi for born og vaksne
Tilrettelegging for meistring, aktivitet og deltaking
Kartlegging og vurdering av funksjonsnivå og aktivitetsutføring
Trening av kognitiv funksjon, motorikk og aktivitet i dagleglivet
Hjelpemiddelformidling
Rådgjeving, rettleiing og informasjon til innbyggjarane
Tilrettelegging av bustad for at innbyggjar kan bu heime og vera mest mogleg sjølvstendig
Samarbeid innan tenesta og med eksterne aktørar
Kvalifikasjonar og erfaring
Norsk autorisasjon som ergoterapeut
Fagleg engasjert og nytenkjande
Erfaring frå kommunehelsetenesta (vil vera ein fordel)
Erfaring frå arbeid med born, eller god kunnskap om ergoterapi for barn er ynskjeleg
Kan nytte ergoterapeutiske kartleggingsverktøy
Gode munnlege og skriftlege kunnskapar i norsk
God digital kompetanse
Førarkort klasse B og disponere eigen bil
Politiattest
Personlege eigenskapar
Sjølvstendig, men likar å samarbeide med andre
Nysgjerrig, engasjert og med evne til å jobbe strukturert
Likar å gjere nye oppgåver og er fleksibel
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med brukarar og samarbeidspartar
Ser viktigheita av eige bidrag for å skape eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Eit tverrfagleg miljø i utvikling, med vekt på samhandling.
Utfordrande og sjølvstendig arbeid, fleksibel arbeidstid
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Reduserte barnehageprisar og gratis SFO.
Inga eigedomsskatt
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d5c830e8-7509-49e6-9129-ef29d27151f5
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3534189_225969_nn