Hopp til innhold

Brenn du for å gjere ein forskjell for dei barna som treng det mest? Då har vi spennande stillingar for deg!

Arbeidsgiver

Ål kommune Oppvekstsektoren

Sted

Torget 1, 3570 Ål

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar / miljøarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. februar

Skulane i Ål har engasjerte vaksne som er opptekne av leikbasert, aktiv læring, uteskule og smart bruk av digitale hjelpemiddel, og medarbeidarar som samarbeider om ein best mogleg skulekvardag for flest mogleg.  

Frå 01.08.26 treng vi fagarbeidarar/miljøarbeidarar på 1.-7. trinn, til både faste og mellombelse stillingar, fordelt på fleire skular.

Fagarbeidar/miljøarbeidar

Vi treng medarbeidarar som kan

  • Følge opp enkeltelevar med helseutfordringar og ulike diagnosar.
  • Følgje opp enkeltelevar som treng ekstra støtte i skulekvardagen.
  • Arbeide ved skulefritidsordning, både morgon og ettermiddag.
  • Arbeide for godt skulemiljø i eit gruppeperspektiv.
Kvalifikasjonar
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar, eller tilsvarande kompetanse/erfaring.
  • Ønskeleg med kompetanse, interesse for og/eller erfaring med arbeid med barn/unge.
For alle stillingane - personlege eigenskapar

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer deg som

  • Har interesse for, og aller helst erfaring med arbeid med barn og unge.
  • Har evne til å skape gode relasjonar og godt samarbeid, både med enkeltelevar, føresette og kollegaer.
  • Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.
  • Kan vera både tydeleg og omsorgsfull i møte med elevane.
  • Kan arbeide sjølvstendig og målretta.
  • Er fleksibel, løysings- og utviklingsorientert.
  • Har godt humør og pågangsmot.
  • Ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt.

Våre medarbeidarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling.

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr
  • Ein arbeidsplass med godt og utviklande arbeidsmiljø.
  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver.
  • Engasjerte vaksne og barn.
  • Veiledning.
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Løns- og arbeidsvilkår er regulert av Hovudtariffavtala.

 Søknad og politiattest

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

 

Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Sissel Skrindo

99287896

sissel.skrindo@aal.kommune.no

Om bedriften

Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar, ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. "Betre læring" er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren. Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d5b260ba-1acf-4bfe-8227-e25bf5a568c2

Sist endret

15. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3583921_200323_nn

Lignende annonser