Hopp til innhold

Fysioterapi

Arbeidsgiver

Suldal kommune Fysioterapi

Sted

Eidsvegen 3, 4230 Sand

Om jobben

Type ansettelse
Selvstendig næringsdrivende, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest lørdag 21. februar

Suldal kommune har ledig 100% driftsavtale (solopraksis) for offentleg godkjent fysioterapeut frå snarast.

Suldal kommune har i tillegg til driftsavtale i 100%, fire kommunalt tilsette fysioterapeutar og ein fysioturnuskandidat. Desse er organisert under eininga Helse, der også fastlegane, helsestasjonen, kreftkoordinator og klinisk ernæringsfysiolog er organisert.

Praksislokala til sjølvstendig næringsdrivande fysioterapeut er samlokalisert med lokalt treningssenter, og avtalefesta mellom dei to partane. Lokala er tilrettelagde for både individuell behandling og gruppebehandling.
Tildeling av avtaleheimel og overdraging av fysioterapiverksemd vil skje på dei vilkår som kjem fram av ASA 4313.

Praksisen skal drivast i samsvar med «Lov om helsetjenesten i kommunene» og annan relevant helselovgjevnad, og på dei vilkår som kjem fram av ASA 4313, slik den til ei kvar tid er.

Som fysioterapeut med driftsavtale vil du utføra fysioterapitenester på vegne av Suldal kommune og vera ein del av den kommunale helsetenesta. Det er viktig med et godt samarbeid med dei kommunale fysioterapeutane for best samla fysioterapitilbod til våre innbyggjararar.
  • Du må utøva fysioterapi på ein måte som fremjar gode og heilskaplege pasientforløp, der aktivitet og eigenmeistring står sentralt.
  • Du må driva kunnskapsbasert fysioterapi i tråd med planar, prioriteringar og utfordringar i den kommunale helsetenesta.
  • Du følgjer pasienten på dei arenaar som er aktuelle, og utøver adekvat fysioterapi som er naudsynt for eit godt og heilskapleg pasientforløp.
  • Fysioterapeutar med driftsavtale må pårekna å ta på seg heimebehandling ved behov.
Me ser etter en fysioterapeut med:
  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut. HPR-nummer skal koma fram i søknaden
  • Fortrinnsvis brei klinisk erfaring og kompetanse innan allmenn fysioterapi
  • Relevant vidareutdanning (ønskeleg)
  • Variert erfaring frå ulike pasientgrupper
  • Erfaring med gruppetrening, og ønske om å tilby oppfølging i grupper
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og tverrfagleg rehabilitering
  • God kjennskap til det norske helsevesenet
  • Evne til, og fortrinnsvis erfaring frå, å driva privat fysioterapipraksis med driftsavtale
  • Gode munnlege og skriftlege norske språkferdigheiter, tilsvarande B2
  • Grunnleggande IKT- kunnskap
  • Førarkort klasse B
  • Godkjent politiattest må leggast fram før inngåing av driftsavtale
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Ryddig og strukturert
  • Evne til refleksjon rundt eiga rolle som fysioterapeut og ansvarsområde, samhandling og pasientforløp
  • Initiativ til fagleg oppdatering og utvikling
  • Personleg eignaheit vil vektleggast
Hos oss i Suldal kommune får du:
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedrifthelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar:
  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
Slik søkjer du:
  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan deitakast med til intervju

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Adriaan van Ruiven

+47 454 22 697 +47 52 79 23 18

Adriaan.van.Ruiven@suldal.kommune.no

Om bedriften

Stillinga er organisert under eining Helse. Helseavdelinga i Suldal har eit ungt og framoverlent arbeidsmiljø, nyoppussa moderne lokale, og tilbyr gode arbeids- og lønsforhold. Tverrfagleg arbeid er sentralt for oss og fysio er samlokalisert med legekontor, helsestasjon og frisklivssentral. Suldal sjukeheim, heimetenesta med bestillarkontor og psykisk helse ligg òg i nærleik til fysio.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d5a277f2-0fd5-49fe-ba10-381de95058b8

Sist endret

30. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3589907_204009_nn

Lignende annonser